Dette er Start-laget Florø møter laurdag

Artikkelen er over 2 år gammel

Start stiller med ein tidlegare Premier League-kaptein i lagoppstillinga på Florø stadion. - Det blir utfordrande, seier Terje Rognsø.

DEL

Florø fotball tar imot topplaget Start på grasbana laurdag. Dette blir den største seriekampen Florø nokon gong har spelt.

- Dette er det største laget vi har hatt besøk av i seriesamanheng. Det blir både kjekt og spennande, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Fem ute med skade

Samstundes har trenaren store utfordringar på skadefronten. Av dei spelarane som har spelt ein del i år, og vore med i førsteellevaren, er det fem som er ute med skade.

- Andre Reksten er ute, det er også Christer Husa, Kristoffer Ryland, Halvor Solheim-Olsen og Endre Kupen, fortel Rognsø.

- Dette gjer jo både laguttak og førebuingane til kampen utfordrande. Så eg har ikkje heilt bestemt meg for kven som speler, og korleis vi skal spele. Eg må forske litt på det, og vurdere dei sterke og svake sidene til begge laga, seier han.

Trenaren håpar på gode forhold og mykje folk på tribunene. Men bana er framleis ikkje optimal.

- Bana ser veldig flott ut, men den ser mykje betre ut enn den faktisk er å spele på. Den treng finvêr over ein lengre periode for å få jamn vekst på graset, seier Rognsø.

Start si lagoppstilling

IK Start har allereie lagt ut laget som reiser til Florø laurdag.

Tidlegare Brann-keeper Håkon Opdal, som vart Norgesmeister med Brann i 2004 og seriemeister i 2007, er med i troppen.
Det er også den engelske Premier League-veteranen Nigel Reo-Coker (32), som har spelt for mellom andre West Ham (som kaptein), Bolton og Aston Villa. Han signerte for Start 3. mai i år.

Start spelte i 2016 sin 36. sesong i Eliteserien, etter å ha rykka opp i 2012. Og Florø-laget møter no eit topplag som går for opprykk.

Håkon Opdal er den einaste på laget som har spelt kamp i Florø tidlegare, då som Brann-spelar. Start har intervjjua difor intervjua keeperen i forkant av Florø-kampen:

- Hva kan du fortelle om Florø, Håkon?

- Det er ein fin plass og ei fin grasmatte som ventar oss. Det er forhold som det kan spelast god fotball på. Heimelaget har vi gjort oss betre kjent med ved å kikke nærare på video. Motstandaren vår speler teknisk godt, og har fleire dyktige spelarar, seier han til ikstart.no.

Han meiner at Florø sin bortesiger mot Fredrikstad viser at det ikkje blir lett for Start å ta tre poeng i Florø laurdag.

- Eg håpar at den gode trenden vår held fram i Florø, men då på vi jobbe på for fullt heile kampen, seier Opdal.

Her er troppen:

Håkon Opdal
Benjamin Boujar
Jens Kristian Skogmo
Simon Larsen
Tapio Heikkilä
Rolf Daniel Vikstøl
Eirik Wichne
Henrik Robstad
Nigel Reo-Coker
Niels Vorthoren
Abubakar Ibrahim
Daniel Aase
Erlend Segberg
Gudmundur Kristjansson
Espen Børufsen
Tobias Christensen
Dennis Antwi

LES OGSÅ: Toppa snuoperasjonen med kontring av ypperste klasse

Artikkeltags