Møt Kupen og co på stadion laurdag

GIR STEMNING: Stimen og publikum har vore viktig for Florø i år, no vil klubben gi litt tilbake.	– Vi trur det kjem til å bli eit kult arrangement på stadion laurdag, seier dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik.   Arkiv

GIR STEMNING: Stimen og publikum har vore viktig for Florø i år, no vil klubben gi litt tilbake. – Vi trur det kjem til å bli eit kult arrangement på stadion laurdag, seier dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik. Arkiv

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei svarte og blå har tatt Norge med storm, og publikum har i aller høgaste grad vore med. No vil klubben invitere publikum tettare på dei.

DEL

– Vi har rett og slett lyst å opne stadion for publikum og har laga eit arrangement som eg trur folk vil synest er skikkeleg kult, seier dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik.

Frå klokka 12.00 laurdag blir stadionportane opna opp, og A-lagsspelarane er med. Så for dei som vil ha ein selfie med «Florø-twins fantastico», Kupen, Frenderup, Solheim-Olsen og gjengen, så er dette dagen.

– Vi har mellom anna laga eit rebusløp for dei yngste, (og dei vaksne som kjenner seg unge) med oppgåver ein skal gjennomføre. Her skal dei togast gjennom Mixed-zone, Vip-losjen, garderoben og opp i TV-tårnet til Bengt Solheim-Olsen. Her skal ein sjølv kunne prøve seg som kommentator. På bana skal ein vere med på konkurransar saman med A-laget.

– Klarer ein å gjennomføre denne rebusen vil ein vere med i trekninga av flotte premiar, seier Gjervik som ønsker at publikum skal komme tettare laget i jubelsesongen som debutsesongen i Obosligaen allereie kan seiast å vere.

Søndag speler Florø heimekamp mot Tromsdalen der dei skal ta revansje for tapet i nord. Kampen startar kl. 15.00.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken