Florø møter Hødd i neste runde

VINNARMÅLET: Her set Halvor Solheim-Olsen inn vinnarmålet mot Fjøra, eitt minutt før full tid i andre ekstraomgang.

VINNARMÅLET: Her set Halvor Solheim-Olsen inn vinnarmålet mot Fjøra, eitt minutt før full tid i andre ekstraomgang. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag vart kampane for andre runde i NM klart.

DEL

Dei 32 kampane i 2. NM-runde er no sett opp, og Florø skal møte Hødd på bortebane.

Florø gjekk vidare til andre NM.runde etter å ha slått Fjøra i Sogndal denne veka:  Florø slapp med skrekken

- Det er tett kampprogram for alle klubbar i mai. Vi har difor prøvd å minimalisere reisene og unngått lange og krevjande reiser. Så prøver vi også, så langt det lar seg gjere, å sette opp lag som ikkje har møtt kvarandre i cupen dei siste åra. I enkelte kampar går imidlertid hensynet til reise foran. Ellers trur vi vi det blir ein del fine oppgjer med litt klang. Det blei mange flotte cupfestar i 1. runde, noko vi håpar og trur det også blir i 2. runde, seier seksjonsleiar for turneringsadministrasjon Rune Pedersen i NFF.

Kampdag er i utgangspunktet 2. mai.

– Dei som ønsker å spele 1. mai kan gjere det, dersom laga blir einige. Vi vil saman med lagene finne dei beste speledagane med omsyn til seriekampane, seier Pedersen til Fotball.no.

Artikkeltags