Florø har signert Monir Benmoussa

Av

FLORØ: 22-åring går frå Fredrikstad til Florø.

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

Tysdag signerte Monir Benmoussa (22) kontrakt med Florø ut 2017, med opsjon på eitt år til. Det melder fotballkanalen.com.

Benmoussa kjem frå Holmlia og har ifølge Fotballkanalen gått gradene i Vålerenga, før turen gjekk til Bærum der han hadde 24 kampar på to sesongar.

I fjor var han i Fredrikstad, men grunna skader spelte han berre fire kampar.

Benmoussa var på treningsopphald i Florø tidlegare i vinter. Trenar Terje Rognsø er nøgd med sitt nyaste tilskot.

– Vi får ein teknisk god spelar som er god ein mot ein, og som kan passe fleire plassar i midtbaneleddet, seier Rognsø til Fotballkanalen.

I tillegg får Florø låne Peter Aase vidare frå Sogndal, melder Firda.

Artikkeltags