Blå buss til Lysekloster laurdag

SILD I TØNNE: Slik såg supporterberget til Florø ut i Førde 16. mai. No set dei opp buss til Lysekloster for å gjenskape suksessen.

SILD I TØNNE: Slik såg supporterberget til Florø ut i Førde 16. mai. No set dei opp buss til Lysekloster for å gjenskape suksessen.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Laurdag morgon går buss ifrå klubbhuset i Florø til Lysekloster.

– Vi er i ferd med å gjere ein legendarisk sesong og no handlar det om å mobilisere det vi kan for at gutane våre skal levere på bana. Vi har ein jobb å gjere, seier Bengt Solheim-Olsen.

Florø leverer festfotball om dagen og har berre eitt tap så langt i år. Tapet kom mot laurdagens motstandar, Lysekloster og det var i Florø seint i vår. No skal tapet revansjerast på bortebane.

STILLER: Bengt Solheim-Olsen og Steinar Svardal har sett opp buss og inviterer til jubeltur til Lysekloster laurdag. Her ein selfie i Førde 16. mai, der det også var god stemning.

STILLER: Bengt Solheim-Olsen og Steinar Svardal har sett opp buss og inviterer til jubeltur til Lysekloster laurdag. Her ein selfie i Førde 16. mai, der det også var god stemning.

– Det er ein av dei tøffaste bortekampane vi har igjen, så no må vi verkeleg trø til skal vi klare å rykke opp, slår han fast.

Det skal framleis vere høve til å sikre seg billett til den blå jubelbussen. 

Målet er at Florø skal kjenne på støtta også på bortebane. Og Solheim-Olsen og Steinar Svardal som har leigd supporterbussen er trygge på at det vil bli masse florøfolk på tribunen. 

– Vi er ikkje tvil om at det vil vere mange florøfolk som bur i og rundt Bergen. No prøver vi bevise at vi har noko å gjere høgre oppe i seriesystemet. Det blir lettare for gutane om dei merkar at dei har god støtte på tribunen, seier Solheim-Olsen.

Sparebanken Sogn og Fjordane sponsar bussen med 5000 kroner, og det gjer til at dei klarer å få til busstur tur retur pluss kampbillett for 400 kroner.

– No får vi til dette til ein fornuftig pris, avreise 08.00 med retur 20.00. Det blir rett og slett ein fantastisk heilaftan, først med bortesiger så startar heimesigeren ifrå 20.00 og utover kjem det frå den ferske turoperatøren.    

Artikkeltags