Gå til sidens hovedinnhold

Lad opp til neste Obos-kamp med "Nærmaste stolpe"

Artikkelen er over 4 år gammel

Måndag er det klart for heimekamp i Obos-ligaen. Sjå siste utgåve av "Nærmaste stolpe" her!

Måndag 2. påskedag er det klart for 3. runde i Obos-ligaen, og Florø Fotball tar imot Levanger heime på Florø stadion.

I denne utgåva av Nærmaste stolpe kan du mellom anna sjå høgdepunkt frå førre kampen, og høyre trenar Terje Rognsø sine kommentarar til denne. Han og programleiar Bengt Solheim-Olsen snakkar også om Levanger-kampen.

Rognsø seier til Nærmaste stolpe at dei håpar dei er godt førebudde før kampen. Dei kjem til å møte eit lag som er fysisk sterkt, men eit lag som kanskje ikkje har sett seg heilt etter fleire spelarutskiftingar.

Samstundes er det utfordrande at Florø ikkje får trent på grasbana no, då det er kaldt i vêret og lite grasvekst.

Programleiar Bengt Solheim-Olsen får også besøk i studio av nevø og Florø-spelar Halvor Solheim-Olsen.

Kommentarer til denne saken