Florø låner spiss frå Strømsgodset

PÅ LÅN: Sebastian Pedersen skal spele haustsesongen i Florø

PÅ LÅN: Sebastian Pedersen skal spele haustsesongen i Florø Foto:

FOTBALL: Sebastian Pedersen frå Strømsgodset skal spele resten av haustsesongen på utlån i Florø

DEL

Etter at Kasper Nissen plutseleg forsvann til Åsane rett før overgangsvindauget klappa igjen såg det tynt ut på angrepsfronten for Florø Fotball. Men ein prøveordning for utlån av spelarar mellom 18 og 22 år utanfor overgangsvindauget har gjort at Florø likevel har klart å forsterke laget inn mot serieinnspurten i PostNord-ligaen. Onsdag blei det klart at Sebastian Pedersen skal spele resten av sesongen i den blå og svarte drakta.

– Vi har eit godt forhold til Florø som har vist at dei er flinke til å utvikle spelarar. Tidlegare har Christopher Lindquist hatt eit veldig fruktbart opphald i klubben og nå håper vi Sebastian opplever det same. Det er riktig for hans vidare utvikling å få spele regelmessig førstelagsfotball. Vi ønsker Sebastian lykke til, seier sportssjef Jostein Flo til Strømsgodset si heimeside.

Sebastian Pedersen er 20 år gamal, og kom til Strømsgodset før 2018-sesongen. Hittil har han fått ni kampar for førstelaget til Strømsgodset, og scora to mål. Han kom til klubben frå Stabæk, og har også vore innom Strømmen. Han er dessutan bror til den meir kjende spissen Marcus Pedersen, med ein fortid i Brann, som blei frigitt av Strømsgodset tidlegare i år.

Strømsgodset kan kalle Sebastian Pedersen heim igjen på dagen, om dei skulle ha behov for det, men fokuset er no at han skal få god matching i Florø.

Artikkeltags