Florø har signert ny angriper

Kasper Nissen, her som Sogndal-spelar i 2017.

Kasper Nissen, her som Sogndal-spelar i 2017. Foto:

Dansken Kasper Nissen har signert eittårskontrakt med Florø Fotball.

DEL

Florø Fotball er einige med Sogndal om ein overgang for Kasper Højvig Nissen.

Nissen har tidlegare spelt på Nest-Sotra, der han scora 18 mål på 26 kampar, og blei kåra til årets talent i 2. divisjon. Han spelte også på Nest i opprykkskampen på Florø stadion.

- 21-åringen hugsar godt opprykkskampen, som sikra Florø opprykk til Obos-ligaen. No håparhan å kunne vere med på å skape eit nytt eventyr i kystbyen, skriv Florø Fotball på si heimeside.

Før 2017-sesongen signerte han for Sogndal, men spelte ikkje på grunn av ein skade. Det var i februar 2017, på siste treningsøkta med Sogndal før avreise til treningsleir på Gran Canaria, at korsbandet hans rauk, og eit langt skadeopphald venta.
2018 var han i sving att, men då på utlån til Florø sin Obos-kollega Levanger.

- Vi er veldig glade for å ha fått signaturen til Kasper, og vi er sikker på at han vil bli ei viktig brikke for oss i PostNord-ligaen 2019. Kasper kjem til Florø over helga, og ser fram til å ta fatt på treningsarbeidet, skriv klubben.

Det betyr at han ikkje er klar til laurdagens treningskamp mot Sogndal, som vert spelt kl. 14.00.

Men trenar Frode Nybø skal derimot teste tre spelarar i kampen; backen Briel Domingos (22) frå Oslo-klubben Rilindja i 3. divisjon, Bruno Lopes (31) ifrå Moldeklubben Træff, og keeperen Sondre Sødergren (22) frå Kvik Halden.

Florø reiser til Sogndal med følgande spelarar:

Sondre Sødergren Løseth (prøve)
Briel Domingos (prøve)
Bruno Lopes (prøve)
Lars Kvarekvål
André Frøyen Reksten
Simen Reksten Solheim
Christer Husa
Torkel Aarønes
Thomas Hallstensen
Eirik Høydal
Halvor Utkilen Solheim-Olsen
Agash Puthi
Peter Aase
Dino Omerovic
Torje Naustdal
Robert Kling
Kaddu Aton
Alioune Ndour
Vegard Savland
Moses John Dyer

Artikkeltags