– Når eg kjem tilbake i toppslag, blir det hallelujastemning på Florø stadion

BEST: Midtbanespelaren Truls Hovland i duell med Florø-spelaren Kaddu Aton.

BEST: Midtbanespelaren Truls Hovland i duell med Florø-spelaren Kaddu Aton.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Florø har signert toårsavtale med 21-åring frå Årdal.

DEL

– Eg har vore i dialog med Terje Rognsø tidlegare, og etter at dei sikra seg opprykket til 1. divisjon i haust vart det vanskeleg å seie nei, seier Truls Hovland til Sogn Avis.

Treivst ikkje i Sogndal

Hovland signerte i 2014 kontrakt med Sogndal Fotball, og debuterte i eliteserien mot Molde som 18-åring. Men opphaldet i saftbygda svarte ikkje til forventningane, melder Firda.

– Eg treivst ikkje så godt i Sogndal, og budde tre forskjellige plassar medan eg var der. Sidan eg ikkje fekk så mykje speletid som eg håpa på, så vart det til at eg flytta heim etter eitt år, seier han til avisa.

Skal lage hallelujastemning

Dei siste to sesongane har han spelt for Årdal FK. No meinte han tida var moden for å gjere eit nytt forsøk i toppfotballen.

– Eg har blitt nokre år eldre og klokare. Viss eg skal utvikle meg meir, så måtte eg gripe denne sjansen.

Men grunna eit brot i ankelen, må han sitje dei tre første månadane på sidelinja. Likevel er midtbanespelaren klar for å vise seg fram i kystbyen når han er frisk att.

– Når eg kjem tilbake i toppslag, så blir det hallelujastemning på Florø stadion, seier Hovland.

Artikkeltags