Gir pengar til å finansiere trenarteam

Jan Petter Jagedal Thomsen frå Sparebanken Vest overraska Terje Rognsø og laget i garderoben før trening.

Jan Petter Jagedal Thomsen frå Sparebanken Vest overraska Terje Rognsø og laget i garderoben før trening. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag troppa banksjef Jan Petter Jagedal Thomsen opp på treninga til Florø Fotball med ei stor overrasking: Ein sjekk som skal gå til å forsterke trenarapparatet til Terje Rognsø.

DEL

Sparebanken Vest gir Florø fotball og trenar Terje Rognsø ei gåve på 600.000 kroner. Pengane er øyremerkt forsterking av trenarapparatet til Obos-laget.

– Vi er redde for at trenaren skal slite seg heilt ut dersom arbeidsbelastninga vert for stor. Difor vil vi hjelpe til, gjennom å gi denne gåva, som vil avlaste Terje, seier Jagedal Thomsen.

– Vi har undersøkt litt i det stille om kva det er trenaren ønsker seg mest av alt, noko som kan lette arbeidet hans. Då kom det fram at ein assistenttrenar stod høgast på ønskelista. Så då får han det, seier banksjefen.

(Sjå video frå overraskinga lengre nede )

Vidareutvikle laget

Gåva skal bidra til å vidareutvikle laget, og hjelpe og avlaste trenaren, slik at dei kan halde fram med fokuset dei har no, utdjupar han.

– Vi ønsker å bidra til at den gode bølga Florø fotball er inne i skal halde fram lengst mogleg.

Det at heile fotball-Norge no ser mot Florø, det gjer noko med folk som bur her. Ein blir enda meir stolt og kry!

Jan Petter Jagedal Thomsen

Sparebanken Vest har dei siste ti åra delt ut over ein halv milliard kroner til gode formål og organisasjonar på Vestlandet. Ein av deira viktigaste oppgåver er å bidra til at Vestlandet utviklar seg som region, og står fram som ein attraktiv og god stad å bu, seier banksjefen.

Jagedal Thomsen meiner difor det er sjølvsagt at dei også skal støtte Florø Fotball.

Positivitet og samhald

– Den positiviteten, samhaldet og stoltheita som Florø Fotball har bygd her i regionen over lang tid er absolutt med på å gjere både Florø og heile regionen til ein betre plass å bu, meiner Jagedal Thomsen.

– Og den jobben laget, støtteapparatet, trenarane og frivillige gjer, på eit budsjett som er minimalt, er beundringsverdig, seier han.

Han er ikkje i tvil om at all den positive merksemda Florø-laget har fått etter suksessen i Obosligaen, den påverkar alle.

– Det at heile fotball-Norge no ser mot Florø gjer noko med folk som bur her. Ein blir enda meir stolt og kry!

Overraska på trening

Torsdag ettermiddag, etter at Firdaposten si papiravis hadde gått i trykken, troppa banksjefen opp på treninga til Florø Fotball for å overraske laget med gåva.

I garderoben i Florahallen fekk ein ganske så mållaus Terje Rognsø overrekt sjekken, framfor heile laget.

Det braut ut full jubel og applaus blant spelarane då dei såg beløpet.

Sjå video frå overraskinga:

– Veldig gledeleg

Styreleiaren i Florø Fotball er veldig glad for gåva frå Sparebanken Vest.

– Vi er sjølvsagt kjempenøgde. Det er utruleg gledeleg at Sparebanken Vest, som ikkje er vår hovudsamarbeidsbank, også vil støtte oss økonomisk. Det er veldig positivt, seier Arild Melvær.

Han viser til at det er Sparebanken Sogn og Fjordane som er deira generalsponsor.

– Så vi er veldig glade for denne gåva. Og vi er veldig takknemlege for at dei gjer dette utan å krevje nokon som helst motytingar. Denne gåva var veldig uventa, seier Melvær.

Han har fått signal om at pengane skal øyremerkast styrking av trenarteamet. Men akkurat korleis dei skal bruke pengane må Terje Rognsø svare på, seier styreleiaren.

Florø Fotball har eit budsjett på 11 millionar kroner i år, det minste budsjettet av alle klubbane i Obosligaen.

Det vart stormande jubel i garderoben då Terje Rognsø og Obos-laget fekk overrekt ein sjekk som skal betale for styrking av trenarteamet.

Det vart stormande jubel i garderoben då Terje Rognsø og Obos-laget fekk overrekt ein sjekk som skal betale for styrking av trenarteamet. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken