FOTBALL: På papiret skal Mjølner vere overkommeleg motstand for dei elleve Frode Nybø sender ut på bana i dag. Dei ligg langt nede på tabellen, er skadeskutte, og spelte ein hengekamp midt i veka. Det er likevel ikkje nokon grunn til å tru at det blir lett for Florø å vinne i Narvik. Her kan du sjå kampen, som starter klokka 15.00.