Florø Fotball skal bryne seg på Fredrikstad, Skeid og Vålerenga 2 neste år

SKAM: Sist Fredrikstad var på besøk i Florø var det show med Rashad Muhammed og Endre Kupen. Fredrikstad blei sende heim i skam. Neste år kjem dei tilbake.

SKAM: Sist Fredrikstad var på besøk i Florø var det show med Rashad Muhammed og Endre Kupen. Fredrikstad blei sende heim i skam. Neste år kjem dei tilbake. Foto:

FOTBALL: Laurdag presenterte Norges Fotballforbund divisjonsoppsettet for PostNord-ligaen kommande sesong.

DEL

Det var under laurdagens divisjonsseminar at Norges Fotballforbund presenterte avdelingane for 2. og 3. divisjon. Florø skal spele i avdeling 1, og får fleire gamle kjenningar på besøk.

Den gamle fotball-aristokraten Fredrikstad klarte heller ikkje i år å ta steget opp i 1. divisjon, men ambisjonane om opprykk ligg nok fast hos Østfold-klubben. Dei vil nok vere blant favorittane til å rykke opp frå denne avdelinga i 2020.

Østfold har fleire lag i denne avdelinga. Kvik frå Halden, og Moss.

Florø får nokre turar til vår nordlege landsdel også i denne sesongen. Det blir gjensyn med Alta og Senja, som var i avdeling med Florø også i 2019. Dessutan har Tromsdalen tatt steget ned i PostNord, og skal spele mot Florø igjen. Dei var som kjent i OBOS-ligaen i dei to sesongane Florø også spelte der. Fløya er også frå Tromsø, og rykka opp frå Norsk Tipping-ligaen denne sesongen.

Eidsvold Turn er også nyopprykte, det same gjeld Vålerenga sitt andrelag. Begge skal spele mot Florø neste år.

Skeid kjem ned frå OBOS-ligaen. Det betyr at begge dei to laga som rykka direkte ned skal spele i Florø si avdeling neste år.

Florø får også eit gjensyn med Kjelsås, som jo var i Florø si avdeling også i 2019-sesongen.

Dessutan får vi eit nytt møte med dei gamle kjenningane frå Ulsteinvik. Hødd skal spele i Florø si avdeling, og det same skal fylkeskollegaene frå Haram, Brattvåg gjere. Slik er oppsettet:

PostNord-ligaen

Avdeling 1:

  • Alta
  • Senja
  • Tromsdalen
  • Fløya
  • Eidsvold Turn
  • Moss
  • Fredrikstad
  • Kvik
  • Vålerenga 2
  • Hødd
  • Brattvåg
  • Kjelsås
  • Florø
  • Skeid

Avdeling 2

  • Nardo
  • Levanger
  • Rosenborg 2
  • Bærum
  • Asker
  • Sotra
  • Vard Haugesund
  • Egersund
  • Bryne
  • Fløy
  • Notodden
  • Odd 2
  • Arendal
  • Fram

– Som tidlegare var det ikkje til å unngå at nokre klubber får lengre reiser sjølv om vi prøver å avgrense det mest mogleg. Finnmark, Troms og Nordland er utfordrande reisemessig og Nord-Norge bør koplast mot lag frå Austlandet. Det er variasjon på kva lag frå Austlandet som får reisebelasting, seier konkurransedirektør i NFF, Nils Fisketjønn.

– Andre viktige kriterium er, som tidlegare år, jamn fordeling av 2. lag og talet på nedrykkslag i kvar avdeling. Vi prøver også å legge til rette for flest moglege lokaloppgjer der det er mogleg. Geografi, lokale forhold og individuelle behov går ikkje alltid opp, men vi har hatt et svært godt samarbeid med Divisjonsforeininga og håper klubbene totalt sett er fornøgd, seier Fisketjønn.


Artikkeltags