Rognsø ante ikkje at han var nominert då han fekk telefon om det

BEST? Terje Rognsø er ein av fem nominerte til prisen Årets Trenar i OBOS-ligaen.

BEST? Terje Rognsø er ein av fem nominerte til prisen Årets Trenar i OBOS-ligaen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: Etter ein overbevisande debutsesong i OBOS-ligaen, kan Florø-trenar Terje Rognsø få personleg heider.

DEL

– Står namnet mitt på den lista? Det har eg ikkje høyrt noko om, seier Terje Rognsø når Firda tek kontakt med han og fortel han at han er eitt av fire namn på Norsk Toppfotball si liste over nominerte trenarar til tittelen «Årets Trenar i OBOS-ligaen».

– Det er klart det er moro å vere nominert, men, seier Florø-trenaren vidare og dreg tydeleg litt på det.

For han er eit konkurransemenneske, denne karakteristiske fotballeiaren frå Norges vestlegaste by.

Han legg ikkje skjul på at det stas at klubben har greidd målsettinga om å bite seg fast i OBOS-ligaen.

– Det er fint å vere nominert, men eg tenkjer at det godt kan vere andre som fortener den meir. Vi står trass alt med 13 tap i år, 12 i serien. Det er for mange i mitt hovud, seier han, før han legg til:

– Men det kan jo vere andre kriterium som vert lagt til grunn og. Vi er eit lag med små ressursar, som har greidd å komme oss opp hit med mange lokale spelarar. Og vi fekk stadfesta at toppnivået vårt er bra i år. I den midterste perioden av sesongen var vi blant dei beste laga i divisjonen, seier han.

Dei andre nominerte til prisen er:

Aasmund Bjørkan, Bodø/Glimt

Svein Maalen, Ranheim

Vegard Skogheim, Ull/Kisa.

NB. Kristian Fardal Opseth er nominert til prisen Årets spelar i OBOS-ligaen.

Prisane blir delt ut 27. november når Fotballfesten 2017 vert arrangert i høve cupfinalen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken