Testa fire spelarar i helga

Terje Rognsø: Florø Fotball skal både slanke og forsterke laget før neste sesong. FOTO: DaG Frøyen

Terje Rognsø: Florø Fotball skal både slanke og forsterke laget før neste sesong. FOTO: DaG Frøyen

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Jobben med å rigge Florø Fotball for neste sesong i OBOS-ligaen er i gang.

DEL

Terje Rognsø og Florø Fotball har ambisjonar om å slanke stallen, samtidig som dei skal forsterke laget før neste sesong i OBOS-ligaen. I helga hadde dei spelarar på prøvespel. Blant dei var ein angripar frå Færøyane, Peder Nersveen som spelte i Elverum i år, og Kristoffer Østervold som har scora mykje mål for Lysekloster i år. Dei var med på ein intensiv økt på fredag, og ein internkamp på laurdagen. Rognsø seier at det var bra spelarar, men ingenting er avgjort.

– Det er bra spelarar alle saman, som kan vere aktuelle. Samtidig er eg ikkje sikker på om dei er betre enn dei vi allereie har. Status er at eg skal snakke litt meir med dei seinare i veka, før vi gjer ein vurdering.

Rammevilkår

Rognsø fortel at det skal vere eit styremøte måndag kveld der rammevilkåra for neste sesong blir lagt. Det er ikkje nokon tvil om at det kan bli utfordrande å få tak i spelarar som er gode nok.

– Det handlar mykje om økonomi. Skal det nokon inn må dei kunne løfte laget, og det skal ein del til. Dei er ganske bra dei vi allereie har her i klubben.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken