Annleislaget klatrar

I STORFORM: Florø er best i ligaen om vi reknar dei fem siste kampane. Arkiv: Digitalsport

I STORFORM: Florø er best i ligaen om vi reknar dei fem siste kampane. Arkiv: Digitalsport

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

KommentarDet er fotballfeber i Florø for tida. Og det med god grunn. Dei svarte og blå har levert på øvste nivå og i det vi rundar halvmerket er Florø på 8.-plass. Det er på øvre halvdel av tabellen det. Og det er dei tre siste kampane som har endra alt.

La oss gå tilbake til starten av Obos-sesongen. Florø opna med tre uavgjorte kampar. Jerv og Levanger heime og Strømmen borte. Arendal borte blir første tapet. I den femte runden blir det eit nytt uavgjort mot Elverum heime, kanskje den svakaste kampen til Florø i år. I den sjette runden speler Florø på Fredrikstad stadion. Det er no Monir Benmoussa gav Florø den første sigeren med eit kunstmål på overtid. Start kjem til Florø stadion 13. mai og vinn 1–4 i ein kamp der forsvaret lak som ei sil. No kjem det fleire tap på rad. Åsane borte, Bodø/Glimt heime og Kongsvinger borte. No er vi inne i juni og ting snur. Først bankar Florø Sogndal i cupen. Berre tre dagar etter vinn dei overtydande 3–1 mot Sandnes Ulf med slitne bein.

I Florø sin nordlegaste kamp nokosinne tapar dei 1–0 mot Tromsdalen i ein jamn kamp. Men evalueringa av den kampen gjer at Florø får rydda opp i forsvaret. Dei tre siste kampane har både forsvaret og angrepet fungert. Dei har tatt ni poeng, scora like mange mål og slept inn berre tre.

Så då er vi tilbake til fotballfeberen vi kjenner på.

Best form av alle

Florø har vunne borte mot dei to laga som har den beste heimestatistikken i ligaen. Ingen av dei hadde tapt heime denne sesongen. Mjøndalen ikkje sidan 2015 før Florø kom i sine illraude bortedrakter 25. juni. Og i helga slo dei Ranheim i Trondheim som ikkje hadde tapt heime sidan august i fjor. Korleis kunne Florø stå fram som eit topplag i form på to veker? Det er fleire faktorar, men eit enkelt svar er Endre Kupen.

Forsvaret til Florø har vore solid heile vegen. Runar Hove og Vegar Gjermundstad herjar til tider og har ein solid spelande sisteskanse i Nicklas Frenderup. I starten viste Florø at dei held nivået. Men måla måtte dei få på dødball.

Endre Kupen har vist kva han betyr for laget, men laget ser også at dei har andre strengar å spele på om viktige spelarar er ute

Dag Frøyen, Firdaposten

Lynhurtige Rashad Mohammed kom ikkje til sin rett utan Kupen i tospann. Og ein mann på topp er lettare å ta ut for forsvaret har det vist seg. Når Kupen kom tilbake skjedde det noko. Det skjedde noko med heile laget. Alt i cupkampen mot Sogndal viste han seg fram. På Isachsen Arena såg vi at han ikkje ser noko skilnad på Obos- og Postnord-ligaen. Han er ein uføreseieleg spelar som bind opp forsvaret og gir Florø mål ut frå ingenting. Då Kupen var tilbake frå skade fekk vi sjå kva han betyr for laget, men laget har også sett at dei kan spele på andre strengar med Kupen ute. I Kupen og Rashad Mohammed, som faktisk har flest assist i heile Obosligaen, har Florø ein svært målfarleg duo.

Hissig midtbane

Arbeidsbetingelsane til spissane blir likevel laga av gutta bak på bana. Christer Husa taper som kjent ikkje og gir viktige pasningar og legg. Lindquist har tatt av i det siste med raid og innlegg frå kanten. Plussar vi på to par hissige Aase-brør og taipanen Luc Jeggo, eller om Rognsø treng luftstyrken boks til boks, Erlend Hove, så har spissane solid støtte i ryggen. Om spelarar er ute med kort eller skade så har det, utan unntak, vore like gode erstattarar som kjem inn. Dette veit alle i startoppstillinga. Slikt skjerpar dei som får tillit blant dei elleve.

Hovudtrenar Terje Rognsø vist at han kan dirigere mannskapet noko spelarane også ser. Han har ein jamn stall og tydelege prinsipp han vil laget skal gjennomføre. Og dette har han lykkast med i Florø, laget med lågast budsjett av alle. Slikt blir lagt merke til. Då Florø kom til Trondheim i helga reiste dei med buss.

Alt-Mule-mann

Kurt «Mulen» Mulehamn stilte som sjåfør, oppmann, materialforvaltar, assistenttrenar og styrte også det medisinske teamet på eiga hand i helga. Dette blir vi sjarmert av. Spesielt då nyopprykka Florø leverer ein defensiv triumf med null baklengs og tek tre poeng med seg heim frå det beste heimelaget i Obos-ligaen.

Rognsø snakka om nedrykkstempo då dei tapte fire på rad. Då kan han snakke opprykkstempo no. For det har Florø. Men slik fungerer det ikkje. Det er ikkje mange feilskjer som skal til før ein klatrar fire-fem plassar eller stuper i sumpa i obos-ligaen, eller kokosligaen som mange av nettopp denne grunnen kallar 1. divisjon.

Ein ting står likevel klart fram etter at vårsesongen er samanfatta. Om Florø har sett det verste av skadetida si, vil dette laget nå den offisielle målsettinga om fornya kontrakt i Obosligaen. Dei trekk over 1000 personar i snitt på Florø stadion noko som er veldig bra.

Det som gjer Florø så spennande er at dei kan slå alle. Også lag som spelar i Eliteserien. Det har dei vist no nettopp. Dei skil seg ut. Dei har dei lokale heltane, dei har X-faktoren og typane og dei har «Stimen». Gløymde vi å nemne at dei framleis er med i cupen?

Artikkeltags