Prisdryss til Florø Fotball

Florø sine a-lagstrenarar Terje Rognsø (t.v.) og Geir Rindheim (t.h.) vart ikkje så overraskande tildelt prisen for årets trenarar i seniorfotballen. Florø sin styreleiar Arild Melvær fekk prisen for årets klubbleiar saman med Torstein Tvinnereim frå Stryn. (Foto: Privat)

Florø sine a-lagstrenarar Terje Rognsø (t.v.) og Geir Rindheim (t.h.) vart ikkje så overraskande tildelt prisen for årets trenarar i seniorfotballen. Florø sin styreleiar Arild Melvær fekk prisen for årets klubbleiar saman med Torstein Tvinnereim frå Stryn. (Foto: Privat)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fotballkretsen i Sogn og Fjordane kåra Terje Rognsø og Geir Rindheim ikkje heilt overraskande som årets trenarar i seniorfotballen for denne sesongen og Arild Melvær vart kåra til årets fotballeiar.   

Under festmiddagen til fotballkretsen laurdag kveld vart det delt ut følgande prisar:

Årets dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger IL

Årets arrangement 3. divisjon, damer: Tornado Måløy FK

Årets arrangement 4. divisjon, menn: Dale IL

Årets Fair Play-klubb: Vik IL

Honorært leiarstipend: Kjell Ertesvåg, Kaupanger IL og Anne Jorunn Fjærestad, Vik IL.

Årets klubbleiarar: Arild Melvær, Florø SK og Torstein Tvinnereim, Stryn T og IL

Årets trenar i barne- og ungdomsfotballen: Robert Hovland, Vik IL

Årets trenar i seniorfotballen: Terje Rognsø og Geir Rindheim, Florø SK

Kretsen sin blå diplom: Kurt Mulehavn, Florø SK, Odd Arve Solvåg, Florø SK, Kjetil Bolsø, Førde IL, Knut Dvergsdal, Førde IL, Geir Vindheim, Førde IL, Odd Helge Vågseth, Førde IL, Agnar Bøyum, Jølster IL, Hege Hillestad, Jølster IL, Øyvind Årdal, Jølster IL, Morten Årset, Jølster IL, Sjur Gimmestad, Sandane T og IL, Knut Henrik Stavang, Sandane T og IL, Johann Sigurdsson, Stryn T & IL, Jon-Terje Tjellaug, Stryn T & IL, Kjartan Hove, Syril IL, Per Arne Runderheim, TMFK, Anett Berg, TMFK, Svein Erik Saglien, Vik IL, Bjørn Moheim, Vik IL.

Altmogelegmannen til Førde IL, Olav Flatjord vann den prestisjetunge heidersprisen "Kjosenprisen" under fotballfesten. Les Firda si sak om eldsjela her

Artikkeltags