Publikum kan bli stoppa i porten

NY REKORD: Folkefesten mot Nest-Sotra 15. oktober vil fylle Florø stadion. Over 3000 var på stadion i cupkampen mot Brann i 2012. No spår mange ny rekord.

NY REKORD: Folkefesten mot Nest-Sotra 15. oktober vil fylle Florø stadion. Over 3000 var på stadion i cupkampen mot Brann i 2012. No spår mange ny rekord.

Artikkelen er over 4 år gammel

Merker større trøkk enn då klubben sette publikumsrekord mot Brann i 2012

DEL

Storkampen på Florø Stadion 15. oktober mellom Florø og Nest-Sotra kjem mest truleg til å avgjere kven som rykker opp til Obos-ligaen. Eg trur vi trygt kan seie at dette blir den viktigaste fotballkampen som er spelt i Florø. Nokosinne. Dette gjer naturlegnok til at mange ønsker seg billett. 

Harald Gjervik i Florø Fotball fortel no om stort trykk frå folk som vil sikre seg billettar, og no fryktar han så mange at nokre vil bli stogga i døra av tryggleiksomsyn.

Førehandssal måndag

– Vi kjem til starte med førehandssal av billettar måndag, dette er for at tilreisande skal kunne vere sikra å komme inn, seier Gjervik. Det er siste helga i haustferien, det er fine vêrmeldingar og alt ligg til rette for fotballfest.  

Så langt det er mogleg kjem dei til å selje billettar i døra som før. 50 kroner for born og 100 kroner for vaksne. Frå måndag doblar dei prisen for dei som vil sikre seg billett til storkampen. Alle dei 1500 plassane på hovudtribunen blir lagt ut for sal på Sko Olsen måndag. 200 kroner for sitteplass, og 100 kroner for ein ståplass, om ein vil vere garantert plass.

Kan komme 4000 

– Vi ser ikkje bort frå at det kan bli publikumsrekord laurdag 15. oktober, og ut frå tryggleiksomsyn treng vi å få ein indikasjon på kor mange som kjem slik at vi får legge til rette for at flest mogleg skal kunne få med seg oppgjeret. Det er avgjerande at arrangementet skjer innanfor trygge rammer. 

– Kjem de til å sette opp ekstratribuner?

– Nei, det har vi ikkje planar om per no. Men vi kjem truleg til å lage ståsoner bak begge måla, svarar Gjervik. Arbeidet med rammene kring kampen har vore jobba med i lang tid allereie.               

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken