Berre åtti plassar igjen i Kristiansund

FRYKTA: Stimen har evna til å mobilisere. i Førde 16. mai i fjor var det fleire frå Florøfolk i Førde enn det var heimepublikum på kampen. Foto: DNF

FRYKTA: Stimen har evna til å mobilisere. i Førde 16. mai i fjor var det fleire frå Florøfolk i Førde enn det var heimepublikum på kampen. Foto: DNF Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Florø møter KBK i Cupen neste veke, og Florø-supportarane stimar etter

DEL

– Eg prata med KBK i går, og då sa dei at det var ca. åtti plassar igjen til kampen, seier leiar i Stimen, Jon Håvard Strømsnes, medan han er på veg for å planlegge inn mot helgas kamp og neste vekes cupkamp mot Kristiansund BK.

– Det vert ikkje sett opp noko buss i regi av Stimen, då vi tapte pengar på det både til Førde og Åsane, men eg veit det er eit par minibussar som er leid i privat regi, held Strømsnes fram.

220 billettar har Florø-supporterane fått tildelt i Kristiansund. 140 er allereie seld. Strømsnes er fornøgd med at så mange tek turen, men påpeiker at han kunne tenkt seg at det var heilt fullt.

– Sjølvsagt er fornøgd med at så mange tek turen til Kristiansund, men det hadde vore stort om vi hadde vore over to hundre tilskodarar på stadion. Vi skal prøve å informere meir gjennom helga og tidleg neste veke. No har eg først og fremst fokus på kampen mot Kongsvinger til helga, avsluttar leiaren i Stimen.

LEIAR: Jon Håvard Strømsnes er leiar i Stimen

LEIAR: Jon Håvard Strømsnes er leiar i Stimen Foto:

Artikkeltags