0-0 i nedrykksdrama

Det står 0-0 i målprotokollen, men Florø2 var heldige som kom heim utan å tape i Jølster.

DEL

OBS: Hugs å oppdatere artikkelen dersom du har vore inne i den før.

Det handlar om å sikre seg ein plass i Kretsserien, 4. divisjon fotball for herrar. Florø2 enda sist på tabellen og spelar to kvalikkampar mot Jølster no i november. Jølster er kandidat til å rykke opp frå 5. divisjon. Den første kampen går på Reed i dag 2. november og returkampen blir i Florø neste helg.

Florø har vore det spelande laget og har hatt sine sjansar. Men Jølster har også hatt store sjansar som kunne enda i mål.

Florø-keeper Lars Martin Kvarekvål vart skadd i ein hard duell i første omgang og Oliver Frimannslund tok over over keeperhanskane.

I starten av andre omgang styrer Jølster meir av spelet. Florø2 har tatt ut angripar Aregay og sett inn på Kevin Krosi. I tillegg er det gjort eit taktisk grep ved at Florø sin landslagsspelar på G17, Thomas Halstensen, er flytta opp i angrep.

Kampen mellom laga er jamn og Firda live sin reporter kan ikkje sjå noko divisjonsforskjell på dei to laga med eit kvarter igjen av kampen.

Keeper Oliver Frimannslund vartar opp med kanonredning og held nullen for Florø-gutane når det er ti minutt att av kampen. Skot i tverrliggarenfor Jølster og i det 83. minuttet har dei ballen i mål. Den blei annulert for offside.

Jølster hadde store sjansar også i sluttminutta, men det enda 0-0.

Med det skulle sjansane vere gode for unggutane frå Florø med returkamp på eige gras.

Live Studio i Firda.

Florø si lagoppstilling:

Angrep: Mengasha Aregay, Hans Hansen og Toni Jakupovic. Midtbane: Brage Naustdal, Håvard Rosø og Oscar Nordal. Forsvar: Pravin Parameswaran, Kristoffer Magnussen, Thomas Hallstensen, Oskar Gjervik. Mål: Lars Kvarekvål.

Innbyttarar: Oliver Frimannslund, Noah Forsberg, Jonas Hovland og Kevin Krosi.

Artikkeltags