Ketchup-effekt for Florø 2

FORSTERKA: Christer Husa fann spissane frå bak på bana og noterte seg også for 2-0 scoringa mot Aalesund 2 måndag.

FORSTERKA: Christer Husa fann spissane frå bak på bana og noterte seg også for 2-0 scoringa mot Aalesund 2 måndag.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Florø 2 har slite med å score mål, men mot Aalesund 2 heime måndag fekk florøgutane kjenne på ketchup-effekten.

Det vart nemleg eit realt målshow på kunstgraset i Florø då tangotrøyene frå jugendbyen kom på besøk måndag.

Og det var vertane som tok kommandoen. Emil Aadland, vart testa på topp og leverte.

- Emil leverte på topp med to mål og solid innsats, seier trenar Frode Nybø.

Aadland opna målkontoen etter eit kvarter, og kvarteret etter hadde den lånte forsvararen frå A-laget, Christer Husa dobla leiinga. Men ti minutt seinare hadde gjestane kvittert. Fem minutt før pause fekk Dino Omerovic sett inn det viktige leiarmålet til pause.

– Det var unødvendig å sleppe dei inn i kampen igjen då vi hadde 2-0, men 3–2 målet var viktig å ta med seg til pause, seier trenar Frode Nybø.

Ti minutt ut i andre scorar Emil Aadland sitt andre for dagen til 4–2. Men kampen lever framleis då Aalesund reduserer like etter. Anders Sørensen punkterer kampen med 5–3 i det 85. minutt. Aalesund reduserer på overtid, men Florø tok alle poenga i oppgjeret.

– Vi hadde ikkje scora på dei tre siste kampane, noko vi var litt uroa for. No scorar vi like mange på ein kamp som på dei sju siste til saman. Det tek vi med oss. Fire baklengs er ikkje like bra, men no har vi møtt tøff motstand og eg trur vi vil klatre før ferien, oppsummerer Nybø.

Laurdag skal Florø til Surnadal og møte jumboen i divisjonen.

3. divisjon avdeling 8

PlassLagKamperHjemmeBorteTotalPoeng
VUTMålVUTMålVUTMålDiff
1Herd840017 - 32118 - 661125 - 91619
2Træff83109 - 43016 - 361115 - 7819
3Spjelkavik820210 - 530110 - 650320 - 11915
4Hødd 2840015 - 31036 - 1550321 - 18315
5Bergsøy821111 - 92117 - 542218 - 14414
6Fjøra82106 - 313111 - 1034117 - 13413
7Aalesun 2831016 - 40136 - 1132322 - 15711
8Sognd 2821217 - 101027 - 931424 - 19510
9KFK821212 - 101025 - 1131417 - 21-410
10Stryn820110 - 51135 - 1531415 - 20-510
11Rollon82015 - 41047 - 1430512 - 18-69
12Florø 2821210 - 100031 - 1321511 - 23-127
13Volda81129 - 100227 - 913416 - 19-36
14Surnadal80132 - 80042 - 220174 - 30-261

Artikkeltags