Spår Florø på nedrykk frå OBOS-ligaen

Terje Rognsø: Florø Fotball skal både slanke og forsterke laget før neste sesong. FOTO: Dag Frøyen

Terje Rognsø: Florø Fotball skal både slanke og forsterke laget før neste sesong. FOTO: Dag Frøyen

Artikkelen er over 2 år gammel

- Florø skal få det tøft med å unngå nedrykk.

DEL

Bookmakarane trur Florø rykker ned til 2.divisjon neste sesong, og fotballekspert Joacim Jonsson i NordicBet er redd spådommen blir ein realitet.

– Florø var ein av norsk fotballs store overraskingar i 2017 og sjarmerte fotballsupportarar landet rundt med sin fotball i OBOS-ligaen. Laget enda på ein meget respektabel åttandeplass, men likevel trur bookmakarane at Florø rykker ned, skriv NordicBet i ei pressemelding.

Spelselskapet har sett Florø på nest sisteplass i sin første spådom. Det er noko fotballekspert Joacim Jonsson er einig i.

- Florø var ein av sesongens store overraskingar, og hadde ein magisk sommar då laget vann stort sett alt av kampar. Men laget starta og avslutta sesongen svakt, seier Jonsson.

– Florø er eit lag utan økonomiske ressursar og etter å ha mista Rashad Muhammed i sommar og Endre Kupen til Glimt etter sesongen så trur eg på eit tøft andreår for Florø. Eg mistenker at dei må kjempe med kniven mot strupen heile sesongen og det blir tøft å klare seg, seier Jonsson.

Han mener Florø skal få kjenne at det er det høgaste nivået nokonsinne i OBOS-ligaen.

- For meg er dette tidenes beste OBOS-liga, opprykksstriden vil bli eit kvepsebol. På førehand er det fem lag med relativt sterke ressursar som vil gå for ein plass blant dei to beste. Samtlege nedrykkslag frå Eliteserien; AAFK, Viking og Sogndal, vil alle rett opp igjen. Så kan ein legge til hardt satsande Sandnes Ulf og Mjøndalen, så har vi ein kvintett som alle kan vinne ligaen, seier Jonsson.

Slik ender OBOS-ligaen, skal vi tru NordicBet sine oddsettarar:

1.Viking (3.50)

2. Aalesund (3.50)

3. Sogndal (4.00)

4. Sandnes Ulf (7.00)

5. Mjøndalen (15.00)

6. Jerv (17.00)

7. Kongsvinger (20.00)

8. Ullensaker/Kisa (25.00)

9. Ham-Kam (35.00)

10. Åsane (35.00)

11. Strømmen (40.00)

12. Levanger (50.00)

13. Tromsdalen (50.00)

14. Nest-Sotra (75.00)

15. Florø (100.00)

16. Notodden (100.00)

Artikkeltags