- Han bør gå til Barcelona eller Real Madrid, eller så har vi eit kjempeproblem

Endre Kupen scora vannvittige fire mål på ein halvtime i første omgang.

Endre Kupen scora vannvittige fire mål på ein halvtime i første omgang.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Mjøndalen-trenaren om Endre KupenMjøndalen-trenaren Vegard Hansen visste om Kupen etter at han scora to mål på Isachsen-stadion i juni. Han stilte opp laget i ein kompakt 4-5-1 formasjon for å unngå dacapo sidan sist, men etter 34 minutt hadde likevel mål-juvelen til Florø scora vanvittige fire mål.

- Han er utruleg god, vi klarer rett og slett ikkje å handtere han skikkelig. I dag vart vi rundspelt. Han var rett og slett for god for oss. Det var vondt, seier ein nedbroten Mjøndalen-trenar i mix-sone etter kampen.

Mads Hansen kjent frå VG-TV var også uvanleg smålåten, men tok stortapet som ein mann.

- Smertar meg å skryte

- Det smertar meg å stå her å skryte av ein motspelar men det gjer eg altså. Han er den norske svaret på Sergio Agüero. Eg meiner vi var betre i første omgang der Florø leder 4-0. I andre omgang blir vi derimot rundspelt, seier Mjøndalen backen. At Kupen spøkar i Mjøndalen no er ikkje noko overrasking. Han har scora 13 mål i Obos-ligaen til no og seks! av dei har komme mot Mjøndalen.

For det var ein mann som avgjorde kampen i løpet av ein magisk halvtime i det sola etter gammalt titta fram mellom bygene i florømidtveka. Kupen scora eventyrlege fire mål på den halvtimen.

For vi sluttar ikkje å bli overraska av den norske Agüero, og som dei fleste vi snakka med i pausen var at det var tre-fire timar til overgangsvindauget stengde etter kamp som var frykta.

- Han kjem ikkje til å gå. Han er det heitaste som går i to sko akkurat no, men det er ikkje tema, kom det tydeleg frå Terje Rognsø.

Han fortalde han var stolt av gutane sine og innsatsen dei legg ned. For han visste at det laget som sprang mest ville vinne kampen. Og dei blåsvarte sprang i periodar over Mjøndalen. I andre omgang verka gjestane skjemde over at dei vart rundspelt på ny.   

Vil ha Kupen i Florø

Rasmus Moe frå Sogndal IL og den tidlegare fotball-presidenten Yngve Hallén stod oppe på VIP-tribuna og fekk sjå Florø herje med det gamle storlaget frå Nedre Eiker. På spørsmål om Kupen ikkje no ville vere attraktiv for Sogndal, svarte sympatiske Moe med eit glis. "Me ve ha han her ute".

Vi må vedgå at vi var usikre før kampstart. For stor kampbelastning og eit Mjøndalen med tre strake sigrar, derimellom mot Brann i cupen, lukta tøffe tak. Stefan Aase, Kristoffer Ryland ute med skade og lynet Rashad Mohammed til Sarpsborg 08 trudde vi ville svekke heimelaget. Men Rognsø hadde trua. Det hadde dei 1406 på tribunen også. Og framfor alt spelarane. Og dei fekk kanskje si største oppleving på Florø Stadion.

5-0 mot Mjøndalen er smått utruleg. Og Stimen skal også ha ros. For makan til leven dei lagde på denne festkvelden på stadion!  

KAMPFAKTA FLORØ-MJØNDALEN

Fotball. 1. divisjon:

Florø-Mjøndalen 5-0 (4-0)

Tribune: 1406

Mål: 1-0 Endre Kupen (5), 2-0 Endre Kupen (19), 3-0 Endre Kupen (26), 4-0 Endre Kupen, straffe (35), 5-0 Oliver Rotihaug (63)

Gule kort: Peter Aase, Dino Omerovic - Florø, Mads Gundersen, Magnus Sylling Olsen, MIF

Dommer: Mads Følstad Skarsem, Steinkjer

Florø: Nicklas Frenderup, Christopher Lindquist, Runar Hove, Vegar Gjermundstad, Christer Husa, Halvor Solheim-Olsen (Dino Omerovic fra 76. min.), Luc Michael Jeggo (Eirik Høydal fra 80. min.), Peter Aase, Oliver Rotihaug, Endre Kupen (Torbjørn Aabrekk fra 60. min.), Monir Benmoussa.       

Artikkeltags