Stimen treng deg!

Artikkelen er over 2 år gammel

Onsdag er det ope møte for alle som vil vere med å heie fram Obos-laget til Florø Fotball.

DEL

Skal Stimen bli ein organisert supporterklubb med leiar? Skal ein organisere turar til bortekampane? Bestille eige supporterutstyr? Kva skal ein synge og korleis organisere supporterane før kampane?

Dette, og mange andre spørsmål håpar Stimen-eldsjelene å få svar på under ein idédugnad i morgon onsdag. Då inviterer Fredrik Helland og fleire andre Florø-supporterar til ope møte på klubbhuset ved stadion. 

Sjå meir info her: Organisering av #Stimen

– Vi vil samle alle som har lyst til å bidra, og finne ut kva vi skal gjere framover. Vi må legge nokre planar. Det er viktig for laget at vi stiller opp no, og då må vi finne ut korleis vi kan gjere det, seier Helland.

Dei har tankar om å sette opp fleire fellesturar til bortekampar, og om korleis ein skal gjere Stimen synleg i sosiale media. Og på heimekampane vil dei sjølvsagt stille opp med både songar, flagg og liv og røre.

– Vi må sette farge på kampane! No blir kampane sendt på tv også, med kameraet retta mot tribunen, så då må vi farge den blå og svart, og verkeleg synge, seier Helland.

– Men kva skal Stimen vere? Skal vi berre stå på tribunen under kampane og heie, eller skal vi vere noko meir? Alle kan komme på møtet og seie meininga si, anten ein ønsker å engasjere seg i ein kamp eller i fleire. Vi er rett og slett interesserte i å høyre kva folk tenker og vil, seier han.

Artikkeltags