Florø Fotball mister dei fire første heimekampane

FLORØ: Fotballforbundet har no bestemt at første runde i Post-Nord-ligaen er runde 7. Det betyr at dei seks første kampane er utsett. Fire av dei er heimekampar for Florø Fotball sin del. No skal dei sesongopne borte mot Eidsvold Turn 23. mai. I beste fall.