Florø-firma skal bygge den nye skulen i Førde

FLORØ: Consto skal bygge den nye vidaregåande skulen i Førde.

DEL


Vestland fylkeskommune har innstilt Consto som totalentreprenør og vinnar av konkurransen om å byggje den nye vidaregåande skulen i Førde.

– Consto har den klart beste løysinga sett på bakgrunn av konkurransegrunnlaget, seier Josten Fjærestad, eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

Han meiner vinnarbidraget «Delta» gir eit kompakt skulebygg med god flyt, og er ei framtidsretta løysing for ein samla vidaregåande skule i Førde. Consto hadde også lågast pris av tilbydarane.

Deltakarane i gruppa som vann pris- og designkonkurransen er Consto (samarbeid mellom kontora i Florø og Bergen), LINK ARKITEKTUR, Sweco, VB, Skår VVS AS, Jatak, Florø-firmaet Fokus Elektro og R.Torgersen AS.

Juryrapporten legg bl.a. vekt på at viktige fellesfunksjonar er samla i eit synleg og sentralt plassert «hjarte» i skulen. Alle basane ligg med kort avstand og likeverdig tilkomst til hjartet. Det gir anlegget ei tydeleg organisering med framifrå logistikk og svært god overordna flyt.



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken