Blir det The End?

Frå venstre Arne Hjort Johansen, Marit Gjerstad, Ingvar Hopland, Maria Torheim Bjelkarøy, Siri Sande og Marie Stenbakk var initiativtakarar til Florø Filmklubb.

Frå venstre Arne Hjort Johansen, Marit Gjerstad, Ingvar Hopland, Maria Torheim Bjelkarøy, Siri Sande og Marie Stenbakk var initiativtakarar til Florø Filmklubb.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Florø filmklubb står etter berre eitt års drift i fare for å måtte legge ned.

DEL

Florø Filmklubb var nyleg på årsmøtet i Filmklubbforbundet. Då viste det seg at dei, med sine 100 medlemmer første driftsår, var ein formidabel suksess, samanlikna med mange andre filmklubbar.

Konsekvensar

Det vart også klart at dei har mindre støtte frå kommunen enn dei fleste andre klubbane. No kan eit planlagt kutt i den offentlege støtta til Norsk Filmklubbforbund bli det som veltar ein skjør balanse. Leiar i forbundet, Helene Aalborg, seier til Ny Tid at ho trur konsekvensen vil vere at heile den organiserte filmklubbevegelsen forsvinn.
– Det er alvorleg, sidan dei organiserte filmklubbane er viktige kulturtilbod og sosiale samlingsstader - i tillegg til at dei er rekrutteringsarenaer for film-Norge generelt, påpeikar ho.
Arne Hjorth-Johansen i Florø Filmklubb, seier det at Filmklubbforbundet forsvinn ikkje nødvendigvis betyr at dei kkje kan drive filmklubb, men det vert vanskelegare.
– Det vert nok mykje meir krevjande å administrere drifta. filmleie vil sannsynlegvis også bli dyrare, for vi mistar eit ganske godt bibliotek der vi kan låne filmar billeg, påpeikar han.

Kroken på døra?

Det vil føre til at dei vil slite med både økonomi og tidsbruk, spår Hjorth-Johansen.
– Eg vil tru at utan støtte frå kommunen, vil det vere kroken på døra for oss, seier han.
Med støtte frå kommunen tenker han på anten direkte økonomisk støtte, eller ei betre avtale for husleige for kinosalen.
– Veldig mange filmklubbar får bruke kinoen gratis fordi kommunane ser at dei kan vere eit viktig supplement til eit stadig meir einsretta t ilbod på den ordinære kinoen, poengterer han.
Samstundes presiserer han at dei ikkje har vore misnøgde med den noverande avtalen med kinoen.
– Dei miste jo sjølv 300.000 kroner i kommunal støtte etter at kinoen vart pussa opp, så eg skjønar at dei treng husleiga dei får inn, seier han.
Paradokset for Florø Filmklubb er at dei kunne hatt eit mykje høgare aktivitetsnivå med litt støtte.
– Men sidan vi går i null eller litt i minus å stort sett alle framsyningar, må vi heile tida tenke pengar. Nye filmar blir for dyre og for mange framsyningar betyr minus totalt sett.

Artikkeltags