Gå til sidens hovedinnhold

Florø er i ferd med å få ein ny generasjon musikarar: «Ein heldig miks av talent», seier læraren

Endeleg fekk unge rockarar sleppe ut frå Kulturskulen sitt bandrom og stå ansikt til ansikt med publikum. Det bestod hovudsakleg av stolte mødrer, fedrar, søsken og besteforeldre, men prestasjonen til gutta (ja, for det var berre gutar) kunne fint tolt eit breiare publikum.