Kanon-innsats i EM

Video: Norsk Musikkorps Forbund.

Artikkelen er over 4 år gammel

Jentene i Florø Drill var på golvet i EM i Italia kl. 12 i dag, men poengsummen er enno ikkje klar.

DEL

Det fortel Monica Bøhmer, som er på plass i Italia.

- Jentene gjorde ein kanon-innsats i dag!  Vi veit ikkje plassering, det var gitt poeng, men desse poenga er berre ein indikasjon og ikkje endeleg resultat, fortel ho.

Håpet er å ende på 4-5 plass i ei gruppe på totalt 7, sidan dette er første gongen i ein internasjonal meisterskap.

Video av vinnarnummeret i NM

Framføringa i Italia :

Norges Musikkorps Forbund si Facebook-side ligg ein video av framføringa til Florø Drill.

Til saman er 238  den norske delegasjonen. Konkurransen foregår i Ge.Tur Village i byen Lignano Sabbiadoro, ikke langt frå Venezia.

Instruktør i Florø-troppen, Anja Merethe Knudsen, fortel dette om førebuingar:

Tysdag kvar det avreise for jentene i Florø Drill, og no er dei på plass i Italia, klare for EM.

Tysdag kvar det avreise for jentene i Florø Drill, og no er dei på plass i Italia, klare for EM. Foto:

- Vi har tatt utgangspunkt i dommerskjema fra NM, og benytta ein metode med videoanalyse der utøvarane studerer seg sjølv med både feil og det som var bra. Så har vi terpa og terpa for å perfeksjonere alt som ein tropp. Drillarane har vore veldig motiverte og trent veldig godt. Vi er framleis litt i sjokk over at vi tok NM-tittelen og i tillegg fekk uttak til EM. Sidan dette er vårt første EM, er det vanskeleg å vite kva vi kan forvente av resultat.

Det viktigaste tipset ho har gitt til utøvarane er følgande:

– Ikke svim av! Gjer det så bra som eg veit de kan, smil og ha det gøy – dette har de fortent!

Artikkeltags