Gå til sidens hovedinnhold

Florø-bygd båt i stygg ulykke i Texas

Artikkelen er over 1 år gammel

Kolliderte i tett tåke i Texas - ein er omkommen, to er sakna.

Det var Odfjell sin kjemikalietankar Bow Fortune som kolliderte med ein 81 fots fiskebåt i hamna i Galveston i Texas tysdag.

Fiskebåten Pappy's Pride hadde eit mannskap på fire og kantra etter kollisjonen. To av mannskapet er framleis sakna og ein av dei to som blei plukka opp, er rapportert omkommen. Tankskipet skal berre ha fått små skadar i samanstøyten. Odfjell har bekrefta hendinga, og opplyst at Bow Fortune hadde los ombord, som første båt i ein konvoi då ulukka hende. Det skal ha vore tett tåke i området.

Søket pågår framleis etter dei to frå fiskebåten.

Bow Fortune blei bygd i Florø i 1999, på dåverande Kværner Florø.

Kommentarer til denne saken