Har laga «Hymne til Florø»

På den 159-ande bursdagen til Florø by slepp Halvard Lunde verket «Hymne til Florø» til folket.

DEL

Eit samarbeid mellom Florø strykeensemble, Erlend Osa Gjul, Florø sin supporterklubb Stimen og Lunde sjølv har resultert i ein eigen hymne til byen vi alle er så glad i.

- Florø treng ei hymne, litt i You never walk alone-land, for å komplimentere dei fengane rockelåtane dei har, seier Lunde i ei pressemelding.

Frå før har Florarevyen, Hisia, Vikingblod/Punch og Hayseed/Klubben laga fengane låter til fotballlaget og byen vår.

- Litt som løvetann

Lunde seier Florø er litt som løvetann og andre vekster, som klarer å finne jordsmonn og livskraft på stader det ikkje vert lagt til rette for vekst. 

- Vi blir hardføre av slikt, seier komponisten.

Leiar i supporterklubben Stimen, Ida Therese Ellingsund Redal, er glad for den nye låta som er komen.

- Eg håper Florø tek den til seg, blir glad i den og endå meir stolt av byen sin, seier ho, og legg til;

- Kanskje er det denne låta som skal løfte Florø opp etter ein litt halvvegs start på sesongen.

Låta er tilgjengeleg på dei fleste stader ein finn musikk på nettet.

(Saka held fram under bildet)

Ida Therese Ellingsund Redal (t.v.) e rleiar i supporterklubben Stimen. Til høgre Marion Svarstad. Foto: CPO

Ida Therese Ellingsund Redal (t.v.) e rleiar i supporterklubben Stimen. Til høgre Marion Svarstad. Foto: CPO

- Ein trassig liten by

Komponisten prøver å forklare «Hymne til Florø» med hjelp av ord.

– Ein trassig liten by på kanten av verda. Ein by som klarer seg til tross for politisk motvilje, lågkonjunktur og storstilt sentralisering. Forma av hav og salt, stormar, utilgivelege tabbar og framtidsretta visjonar. Ho er der fordi det er der ho er. Midt i den røffe og vakre naturen. Midt i havet. Her fann dei ressursar og rikdomar, og tok sjansen på å dyrke dei.

Og på denne by-holmen, bygd på havnæring og maritim industri, blømer det noko så eksotisk som eit strykarmiljø.

– «Hymne til Florø» er eit stykke for strykarane i Florø. Det snur og vender på seg, skiftar stadig uttrykk, frå buldrande disharmoniar og ustyrlege bølgekast, til lette løp og brå vindstille. Bunde saman av ei enkel og tydeleg stemme. Ei kjærleikserklæring til byen, seier Lunde.

– Så ligg ho der Florø. Byen vår. Med øyane rundt seg som ein skeiv og herja tanngard. Ho flirer til verda: Berre kom du, eg er klar!

Låta er tilgjengeleg på Spotify og dei fleste andre stader ein finn musikk på nettet.

Halvard Lunde.

Halvard Lunde.

Artikkeltags