Elevane sprang inn 25.000 kroner

NØGDE: Leiar i elevrådet ved Florø barneskole Maria Dorfman Dyrli (12) t.v. og sekretær Hedda Nes Ramsdal (12) er strålande nøgde med at dei fekk inn 25.000 kroner til prosjektet i Sierra Leone i år.

NØGDE: Leiar i elevrådet ved Florø barneskole Maria Dorfman Dyrli (12) t.v. og sekretær Hedda Nes Ramsdal (12) er strålande nøgde med at dei fekk inn 25.000 kroner til prosjektet i Sierra Leone i år. Foto:

Florø barneskole samla inn 25.000 kroner under FN dagen 24. oktober.

DEL

Det var i samband med tiltaket sitt på FN-dagen 24. oktober, at elevane frå første til 7. klassetrinn snørte på seg joggeskorne og sveitta for den gode saka. No kan skulen sende 25.048 kroner til Sierra Leone.

Lærar Tove Berle fortel at skulen brukar å ha fellesarrangement for alle elevane i samband med FN-dagen kvart år. Skuledagane i forkant handlar i stor grad om internasjonal solidaritet der elevane får eit innblikk i område som norske elevar kanskje tek for gitt. For norske elevar kan berre skru på springen for å få reint vatn. I afrika er reint vatn som luksus å reikne.

Det er kjekt både å lære om korleis elevar har det i andre land, og vere med å hjelpe dei

Hedda Nes Ramsdal og Maria Dorfman Dyrli i elevrådet

Leiar i elevrådet Maria Dorfman Dyrli (12) og sekretær Hedda Nes Ramsdal (12) er strålande nøgde med det gode resultatet, og med god grunn. For 500 kroner er nok til å dekke toalettpapir og såpe for ein elev gjennom eit år. 10.000 kroner vil gi ein vasstank slik at elevane kan vaske hendene sine etter at dei har vore på toalettet. Og klarer dei å samle inn 40.000 kroner vil dei ha nok pengar til å bygge ein ny brønn som kan sikre reint drikkevatn til ein skule. Med 25.000 kroner inn i prosjektet kan elevane på Florø barneskole vite at dei verkeleg har utgjort ein skilnad.

Marknad og løp

På Florø barneskole har dei marknad eine året og har no organisert seg slik at dei arrangerer skuleløp det neste. I år hadde dei eit samarbeid med bistandsorganisasjonen Forut der eit skuleløp stod på timeplanen.

Forut er ein bistandsorganisasjon som samarbeider med norske skular og barnehagar. Dei driv langsiktig i dei områda dei er engasjerte, og i år var det retten til reint vatn som pengane skulle gå til. Og mottakarlandet var Sierra Leone i Vest-Afrika.

Sprang for å "redde verda"

– Vi har lært litt om Sierra Leone i samband med prosjektet. så har vi har snakka om FN sine berekraftsmål der retten til reint vatn er ein av målsettingane. Vi ville at elevane skulle vere i aktivitet denne dagen og slik sett gjere ein innsats til å «redde verda», fortel Berle.

På FN dagen delte dei skulen mellom stor- og småskulen. 1.–4. klasse sprang rundt Storevatnet og dei eldste sprang over Storåsen. Elevane kunne i år gi så mykje dei ønskte. I sum vart dette veldig mykje.

– Folk har vore veldig rause, seier Berle. For med eit snitt på 50 kroner per elev kan Florø barneskole stolt registrere at dei har sveitta for eit godt tiltak og for eit strålande resultat.


Artikkeltags