Dei skal springe for reint vatn i Afrika

SKAL SPRINGE: Elevrådsleiar Maria Dorfman Dyrli (12) og nestleiar Ulrik Albrektsen (10) ved Florø barneskole gler seg til FN-dagen på torsdag.

SKAL SPRINGE: Elevrådsleiar Maria Dorfman Dyrli (12) og nestleiar Ulrik Albrektsen (10) ved Florø barneskole gler seg til FN-dagen på torsdag. Foto:

Torsdag er det FN-dagen. Då skal alle elevane ved Florø barneskole springe så mykje dei orkar for at barn i det fattige afrikanske landet Sierra Leone skal får ein betre skulekvardag.

DEL

– Eg trur vi som lever i Norge har godt av å vite kor godt vi har det, om ikkje anna berre ein gang i året, seier elevrådsleiar Maria Dorfman Dyrli (12) ved Florø barneskole.

Ho og nestleiar i elevrådet Ulrik Albrektsen (10) kom innom lokalavisa for å fortelje kva planar dei har for FN-dagen. Dette er den dagen der tema er globalisering. Barneskolen har i alle år hatt eit tydeleg fokus på 24. oktober og i år er skulen med i bistandsorganisasjonen Forut sitt prosjekt Skoleløpet. Her får dei vite om skulekvardagen elevar som dei lever under i den tredje verda. I år skal elevane bidra ved å springe.

– Dei aller fleste av oss er glade i gym, så dette blir på mange måtar ein ekstra gymtime, seier Maria.

Rundt vatnet og over åsen

Dei har lagt opp denne dagen slik at dei som er i småskulen, altså frå første til 4. klasse, skal springe rundt Storevatnet. Dei frå 5. til 7. klasse skal springe over åsen.

– Eg har ordna det slik at bestemor skal betale ti kroner for kvar runde eg spring, så då er det berre opp til meg å springe så mykje som eg orkar, seier Ulrik og smiler. For det har han nemleg tenkt til.

Eg trur vi som lever i Norge har godt av å vite kor godt vi har det, om ikkje anna berre ein gong i året

Maria Dorfman Dyrli (12) elevrådsleiar ved Florø barneskole

Han synest det er stor stas å få kunne vere med på noko som er litt større og viktigare.

– Det er som om at du kan vere med å gjere ei endring for dei som ikkje har det så bra som oss, dette gir meining, seier Ulrik. Dei er begge klar over at reint vatn og toalettfasilitetar er noko vi i Norge tek for gitt.

Friske elevar

Inntektene Florø barneskole får inn gjennom skuleløpet på torsdag, leggast saman med alle dei andre skulane som er med i prosjektet. I sum vil dette verkeleg gjere skulekvardagen til elevane i Sierra Leone betre, for det er ikkje så mykje som skal til. 500 kroner vil dekke toalettpapir og såpe for ein elev gjennom eit år. 10.000 kroner vil skaffe ein vasstank slik at elevane kan vaske hendene sine etter at dei har vore på toalettet. Og klarer dei å samle inn 40.000 kroner vil dei ha nok pengar til å bygge ein ny brønn som kan sikre reint drikkevatn til ein skule. Om lag same summen er nok til å bygge toalett på ein skule slik at hygienen blir betra og at elevane ikkje treng å uroe seg for at dei blir sjuke i løpet av skulekvardagen.


Artikkeltags