Dette seier Barbro Furset i Florarevyen. For etter tre show som har vore svært godt motteke er det i kveld dags for finalen. Ulempa er at mange trur revyen er på same tidspunkt som dei tre første. Men i dag startar den 18.30. altså ein time tidlegare enn dei tre første

- Eg veit sjølv at det er fort gjort å gløyme å sjå kva som eigentleg står på billetten, seier Furset.

Florarevyen fekk det dei håpa på etter den første helga. Gode tilbakemeldingar frå publikum og strålande kritikkar. No har dei hatt tre fulle hus og i den avsluttande framsyninga i kveld er det som alltid fullt. 

- Vi gler oss stort til å gå på for ein siste dans i kveld. Det er fantastisk kjekt å kunne underhalde over 1500 florøværingar over to helger, og i tillegg få så gode tilbakemeldingar gir ekstra motivasjon. I år ser vi og at vi nok kunne sat opp ei ekstraframsyning, og det er kanskje noko vi må ta med oss og vurdere til neste år, avsluttar Furset.