Dei er i rute med årets latterbombe

Florarevyen: Kinn kommune blir sentral også i årets revy, kan revygeneral Per Øyvind Helle røpe. Her som Ola Teigen, saman med Kristin Maurstad (Victoria Halvorsen), og bak Arild Tyvoll og Trond Ramstad Olsen, i revyen 2017. Alle er med i årets revy. Foto: LRB

Florarevyen: Kinn kommune blir sentral også i årets revy, kan revygeneral Per Øyvind Helle røpe. Her som Ola Teigen, saman med Kristin Maurstad (Victoria Halvorsen), og bak Arild Tyvoll og Trond Ramstad Olsen, i revyen 2017. Alle er med i årets revy. Foto: LRB

Artikkelen er over 2 år gammel

– Det einaste vi manglar no, er ein tryllekunstnar. Og kanskje ein kostymemakar.

DEL

Det seier revygeneral Per Øyvind Helle, som fredag 9. mars står på scena i Flora samfunnshus med premiere på årets Florarevy.

– Vi har 16–17 klare revynummer, og som vanleg er dette på høgde med det beste frå utlandet. Og revyen har fått namnet «E' vi Kinn?», fortel han.

Alle mannfolka som var med i fjorårets revy tar eit år til, så i tillegg til Helle står Arild Tyvoll, Trond Ramstad Olsen, Kurt Midtbø og Bengt Solheim-Olsen på scena.

Nytt kvinnetilskot

På kvinnesida er Hilde Amundsen, Oda Alisøy og Victoria Halvorsen med også i år, i tillegg til «nykommar» Annika Bremnes. Ho er eit kjend fjes i kulturlivet i Florø, mellom anna frå Pegasus, Jomentum si juleframsyning og Florø musikkteater.

– Ho er utruleg morosam, og veldig flink til å synge, reklamerer Helle.

Tema i årets revy femner bredt, kan han røpe. Alt frå Kinn kommune, via politiet sin operasjonssentral, til eit splitter nytt krematorium i fylket.

– Det er nokre gründerar som dukkar opp. Det gjer også the Real Housewifes of Havreneset. Dei er veldig samfunnsengasjerte! Så lanserer vi den første kultursamanslåinga i Kinn, hintar revygeneralen, og legg til;

– Det kan også godt hende det oppstår ein lokalradio, sidan NRK Sogn og Fjordane er så pressa no. Og kan Eirik Husabø lage pling-plong-musikk, så kan alle det!

Treng tryllekunstnar

Ein ting skulle Helle og revygjengen absolutt hatt på plass snarast, og det er hjelp frå ein ekte tryllekunstnar.

– Det blir jo sjølvsagt magi på scena! Og difor treng vi hjelp og instruksjon til å gjennomføre nokre triks. Vi treng bokstaveleg tala nokon som verkeleg kan trylle. Så kan du det, ta kontakt!, oppfordrar Helle.

Når han tenker seg om, så kunne dei gjerne trengt litt ekstra syhjelp også.

– Vi vil gjerne ha fleire med. Spesielt viss dei kan sy dyriske kostyme!

Artikkeltags