Årets revy har fått tittelen «Ekstremt eventyrli'», fortel Helle.

– Kva skal Florarevyen 2017 handle om? Vi har det meste klart. Det blir ekstremt, eventyrli' og effektivt; Kvikkas, kontantlaust, kommunesamanslåing, røper han.

Han lovar at det blir lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det blir muntert, musikk og moro. Det blir opprykk, oppleving og ovasjonar.

– Og det blir dans, dodraug og Donald. Det blir ellevilt gøy!

I år er det ti skodespelarar som medverkar, saman med fire dansarar, eit revyband på sju mann, og kring 15 personar bak scena.

–Desse er med på å lage den største årlege kulturhappeningen i Flora. Instruktør i år, som i fjor, er Arvid Ones, fortel Helle.

Premieren er sett til 17. mars, og det blir i tillegg framsyningar 18., 24. og 25. mars. Og billettane er allereie lagt ut.

Revyen har no endeleg fått på plass eit eige lager, fortel han;

– Kommunen har stilt opp med eit lokale på sjukehuset, som vi skal få bruke i tre år.