– Eg kan med handa på hjartet seie at det ikkje manglar på gode prosjekt, seier Arne Olsen til firda.no
Arne Olsen, seniorrådgjevar i Fram Flora, er sikker på kva som skal til for å skape arbeidsplassar raskt: Gryteklare prosjekt må få på plass den siste vesle biten av finansieringa.
Dersom målet for krisepakken var å skape arbeidsplassar på Sør- og Vestlandet, meiner han det er underleg at svært lite hamna i dei kommunane og regionane som hadde behov (sjå eiga sak). Olsen hevdar det finst ei rekke prosjekt som kunne vore realiserte med litt hjelp.
Lite pengar – stor effekt
– Vi jobbar med eit prosjekt no, som med ei lita handfull millionar hadde sikra åtti nye arbeidsplassar i Flora.
– Kva prosjekt er det?
– Heile bransjen blir sett i rørsle om eg seier det. Då blir prosjektet mest truleg ikkje noko av.
Fekk berre smular frå krisepakken
Eit prosjekt er ikkje dårleg sjølv om det manglar litt pengar, meiner siviløkonomen med erfaring frå INC-gruppa og norsk utanriksteneste.
– Nei, verda er ikkje så firkanta som i lærebøkene.
I staden kan det bety at ei bedrift har både eigenkapital, investorar og lån, men manglar det vesle ekstra som ville løyst ut heile prosjektet.
Olsen manglar ikkje idear om kva krisepengane kunne vore brukte til. Her er fem tiltak som kunne hjelpt Flora:
Støtte til enkeltbedrifter
Olsen seier det finst fleire store prosjekt som kunne vore gjennomførte om den siste finansieringa kom på plass. Ein slik bruk meiner han er mogleg innanfor regelverk om konkurransevriding.
– Vi har mykje å gå på før det blir subsidiering eller konkurransevriding. Og det er mange slike prosjekt å ta av.
Styrking av næringsfond
Også mindre prosjekt kunne hatt nytte av meir overføring til kommunale og andre næringsfond. Nyetablerarar får som regel tilskot på opp til 100.000 kroner. Nokre av desse kunne hatt raskare framgang med meir midlar. Dei som har komme eit hakk lenger, har også stort behov for pengar til utvikling av prototypar. Utan noko å vise til, er det vanskeleg å komme lenger.
– Hadde midlane vore meir fleksible og næringsretta, er det mange døme på bedrifter som kunne komme raskare framover. Mellom anna er det på langt nær nok til alle som ønsker å jobbe med nyskaping innanfor hydrogen. Og i Flora-regionen har vi mange prosjekt innan havbruk.
Djupare lei til Westcon
Verftet har nyleg investert 100 millionar i djupvasskai, men får knapt brukt han fordi skipsleia er for grunn. Det er utarbeidd ein rapport som forklarer kva nytte leia vil gje, og kor mykje den vil koste. Westcon har saman med Flora kommune søkt om 80 millionar for å få leia utdjupa. Søknaden er vidaresend frå Arbeids- og sosialdepartementet til Samferdselsdepartementet (sjå eiga sak).
– Dette er ei høgt prioritert sak lokalt. Ho er også spelt inn til NTP sin hamnedel av fylket, men nådde ikkje opp.
Statlege arbeidsplassar
Olsen meiner at noko av pengane kunne vore brukte på utflytting av arbeidsplassar. Då Flora jobba for å få rekneskapstenestene i politiet, var kostnaden ved utflytting eit argument mot å flytte lenger enn til Drammen. Til slutt vart desse arbeidsplassane flytta til Kristiansund, etter hard politisk dragkamp, men det er framleis eit mål å flytte statlege arbeidsplassar frå Oslo.
– Om det er pengar som skal til for å oppfylle det politiske ønsket om utflytting til distrikta, meiner eg dette hadde vore veldig fornuftig bruk av krisepakken, seier Olsen.
Offentleg flyplass
Olsen meiner privatiseringa har ført til dyrare og svekt rutetilbod. Det går ut over næringslivet. Han nemner Nortekstil, som skal ha ønske om å samle det store seljarkorpset sitt i Florø. Ifølge Olsen er flyprisane medverkande til at det ikkje skjer.
– Eit statleg anbod på rutetilbodet hadde vore vel brukte pengar, seier han.