– No må vi for ein gongs skuld lykkast i lag

Ole Petter Humborstad fortel om Ecobait- grunderbedrift i Vågsøy som utviklar kunstig agn.

Ole Petter Humborstad fortel om Ecobait- grunderbedrift i Vågsøy som utviklar kunstig agn. Foto:

– Dersom vi skal få våre velutdanna ungdommar tilbake, må vi ha noko å tilby. Derfor treng vi eit lokalt forskingsinstitutt.

DEL

Det sa Ole Petter Humborstad, dagleg leiar i Ecobait i Vågsøy, då han og dagleg leiar Roger Bergset i stiftinga Måløy Maritime Ressurssenter (MMR) presenterte den for politikarane i Bremanger. Dei reiser rundt i kommunane med målsetjing om å reise 111 millionar kroner i eigenkapital.

– Då regjeringa ville legge ned Fiskeridirektoratet i Måløy, vart vi møtte med argumentet at vi ikkje har noko forskings- og utviklingsmiljø (FoU) i fylket. Fiskeriministeren den gongen var faktisk overraska over det, fortalde Humborstad til lydhøyre politikarar i Bremanger.

Måløy Marine Ressursenter (MMR)

Måløy Marine Ressurssenter (MMR) starta som eit forprosjekt i regi av Måløy Vekst, som har som mål å etablere eit marint FoU-senter i Måløy. MMR skal sette næringane og bedriftene i førarsetet, og saman med Norges Miljø og Biovitenskapelige Universitet på Ås (NMBU) gjennomføre FoU gjennom bedriftstilknytte bachelor, master og doktorgradsprosjekt.

MMR skal skape et marint forskningsmiljø for effektiv næringsrelevant forskning med høg nytteverdi. MMR skal samarbeide tett med Måløy vidaregåande skule som har fylkesdekkande linjer for utdanning innen fiskeri- og havbruk, og som har blitt tildelt en undervisningskonsesjon for oppdrett av laks og aure, drifta av Marine Harvest.

Politikarane på si side har eit stor utfordring med finne innskotskapital på ein million kroner når kommunebudsjettet skal salderast. Men det er ikkje viljen det står på i alle fall.

– I møtet til finansutvalet om budsjett 2019/HP 2019-2022, vart eg oppfordra til å prøve å finne ein million kroner til prosjektet. Dette vil bli behandla som eigen sak eller eventuelt som del av budsjettsaka i kommunestyret 20. desember, fortel rådmann Tom Joensen.

Tilbakemeldinga frå politikarane var eintydig positive.

– Dette kan skape ein type arbeidsplassar som vi manglar. Det er lettare å få unge familiefolk til å komme heim til eit meir variert arbeidsmarknadstilbod, understreka Charlotte Skjølberg (SV).

Åge Senneset i Venstre var også begeistra over ideen om å utvikle «Det nye næringslivet»:

– No må vi slutte med å sitte med hua i handa. Eg meiner vi bør finne kapital til å vere med på dette. Det vil komme også næringslivet i Bremanger til gode på sikt.

Måløy Maritime Ressurssenter.

Måløy Maritime Ressurssenter. Foto:

Stifting

MMR er no i startfasen og Humborstad og Bergset legg no fram planane for kommunane frå Selje i nord til Solund i sør. Selskapet er organisert som ei stifting for å vere nøytrale, utan styrande eigarar og sikre at verdiskapinga vert verande att lokalt.

Draumen er å skape noko som får ungdommane våre til å komme tilbake for å utvikle bedriftene og det lokale næringslivet.

Ole Petter Humborstad

Ecobait er ei føregangsbedrift som i vår fekk ei løyving på 14 millionar kroner frå Forskingsrådet. Dei engasjerer studentar på doktorgradsnivå og nedover til å gjere forskingsutprøvingsarbeid for å utvikle eit kunstig agn til fiskeflåten. Dei samarbeider med både Havforskingsinstituttet og Universidade do Minho i Portugal, men prosjektstyringa ligg hos det samarbeidande universitetet på Ås (NMBU).

Lokal prosjektstyring viktig

– Dersom lokale bedrifter skal få godkjent FoU-prosjekt og få støtte til dette, er det krav om prosjektleiing frå eit forskingsinstitutt. Vi har ikkje dette i vår region. Derfor går vi glipp av lokal verdiskaping på mange område og taper innan kompetanseoppbygging, identitetsutvikling og framtidstru, forklarer Bergset.

Bergen har i dag kring 1600 arbeidsplassar innan marin forsking og utvikling.


Bergset peikar på fire punkt som vil komme andre kommunar til gode:

1. Meir effektiv FoU i bedriftene gjev auka konkurransekraft og betre økonomi.

2. Det kjem knoppskytingar frå FoU-baserte bedrifter.

3. Det kan skape nye arbeidsplassar.

4. Kan bidra til auke i folketal.


Næringar i havrommet

Tradisjonelt fiskeri er venta å auke omsetning frå 25 til 50 mrd. innan 2050.

Den store veksten er venta å komme innan havbruk, frå 34 til 238 mrd. innan 2050.

Marine ressursar må utviklast på mange nivå og oppdrett dyrking av nye artar vil komme til.

Artikkeltags