Bil sklei inn i fjellveggen

Av

FLORA: Ein bil på veg mot Eikefjord på rv. 5 sklei ut av vegen aust for Sundafjelltunnelen og inn i fjellveggen. Tre personar var i bilen.

DEL

Dette melder Vest politidistrikt, som fekk melding om ulykka kl. 03.06 natt til torsdag.

– I bilen var det tre personar. Føraren, som var ei 18-år gammal jente, sklei på vegen ca. 100 meter etter tunnelen. Ho klaga over smerter i ryggen og i ein fot. Elles gjekk det bra med heile gjengen. Bilen hadde store materielle skadar, men ingen airbagar blei utløyst. Ambulansen var på staden, men dei tre i bilen trengde ikkje vidare helsesjekk, seier operasjonsleiar, Frode Kolltveit, til Firda.

- Det er opplyst å vere svært glatt vegbane på strekninga. Store materielle skader på køyretøyet. Naudetatar er på veg og bergingsbil er rekvirert, skriv politiet på Twitter i tretida natt til torsdag.

Rundt klokka 04 melder politiet at bilen er henta og personane dimittert.

- Ingen vidare helsesjekk på nokon av dei. Ingen mistanke om at bilførar er påverka, skriv operasjonssentralen på Twitter.

Artikkeltags