Fire bilar involvert i trafikkulykke på Krokane

Foto: Malene Indrebø-Langlo

Foto: Malene Indrebø-Langlo

Artikkelen er over 4 år gammel

Alle naudetatar på staden

DEL

Klokka 16:20 meldar politiet om trafikkulykke i rundkøyringa på rv5 på Krokane. Fire bilar involvert. Tre av dei med materielle skadar.

— Totalt åtte personar var involvert. Ingen personskadar slik vi ser det no, men det kan jo komme i ettertid. Ein er full i adrenalin og kjenner kanskje ikkje smerte i slike situasjonar, seier politibetjent Reitan.

Begge kollisjonsputene i bilen med størst skadar var utløyst.

— Muleg skjedde ulykka då ein bil fekk ein ufrivillig stopp og har køyrt kontrollert ut av vegbana. Bilar etter har klart å køyre forbi, men ein bil har bremsa opp slik at sistemann av dei involvert har køyrt i den bakfrå og slik skubba bilen fram i dei andre innvolverte, opplyser politiet.

Trafikken blei dirigert forbi krasjet ei stund etter hendinga, men er no stoppa fullstendig. Brannmannskapet var raskt på staden og kjølte ned bilen med dei største materielle skadane.

— Vi kjem til å etterforske ulykka som normalt, men har ikkje grunn til å tru at det er promille eller anna narkotiske stoff innblanda, avsluttar Reitan.

— Bilen er kjølt ned og vi har fjerna batteriet slik at det ikkje skal ta fyr, seier Brannsjef Magne Igland.

Vitner kunne opplyse om røyk frå den eine involverte bilen etter krasjet.

Klokka 17:39 - Ulykkestaden er rydda og trafikken går som normalt.

Artikkeltags