Stenger tunnel for brannøving

Tunnelen i brann, Skatestraumtunnelen, brannvesenet. eksplosjon

Tunnelen i brann, Skatestraumtunnelen, brannvesenet. eksplosjon Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag skal brannfolk trene på realistisk krisehandtering i Sundefjellstunnelen.

DEL

Derfor må folk som skal ferdast mellom Flora og resten av fylket vere observante på at vegen vert heilt stengt ein periode, medan brannfolk får trening i korleis det er å jobbe med røykdykking og slokking av tunnelbrann.

Fylket har opplevd tunnelbrannar ved fleire høve dei siste åra, og den aller mest dramatiske brannnen lokalt var brannen i Skatestraumtunnelen på Fv616. I indre Sogn har det også vore fleire dramatiske tunnelbrannar. Det kan derfor vere gode grunnar til å tilgje ei kortvarig tunnelstenging for øving sjølv om ein har det travelt med å komme til og frå.

Det er torsdag 7. april, kl. 18:00 og 20:00.

Artikkeltags