No dukkar han opp att i Flora

Publisert

Geir Hjetland og Bjarne Svanøe møtte kvarandre tilfeldigvis på ein kafé i Sogndal i vår. No stiller dei ut i lag.

Utstillinga på Galleri Svanøe blir eit overflodshorn av dei to kunstnarane: måleria til vår alles Bjarne Svanøe og skulpturane til Geir Hjetland, kjent for verket Global utanfor Flora samfunnshus.

Gjenklang

Bjarne Svanøe tok initiativ til utstillinga etter møtet i Sogndal. Dei to blei sittande og prate om det å vere kunstnarar på Vestlandet og i Sogn og Fjordane, og om handverket som ligg i botnen.

Det var ein gjenklang der, dei to kunstnarane ser likt på mykje.

Hjetland om Svanøe:

– Eg har veldig sansen for det han gjer. Måten han karikerer folk og bymiljø på, for eksempel, det synest eg er observant gjort. Han er god på å få fram ei stemning.

Svanøe om Hjetland:

-  Eg har  veldig sansen for det han gjer. Kombinasjonen blir bra. Vi jobbar begge i grenselandet mellom figurative og abstrakte uttrykk. Alt er ein abstraksjon av det vi har sett av verklegheita.

Abstraksjonar og vinterblomar

Hjetland er kjent for fine sveisesaumar.

– Eg har stor respekt for kreativitet, men for meg er det viktig at det heng i hop i eit handverk, at det ligg nokre basiskunnskapar i botnen.

Svanøes kunst har dei seinare åra gått lenger og lenger inn i det abstrakte landskapet.

– Målet mitt er å formidle noko som eg har sett, og å gjere det på ein så bra måte som eg meiner at eg klarer. Det kan vere ei stemning, eller det kan vere fargar og komposisjonar, seier han.

Når det gjeld Geir Hjetland, er vi vane med gigantiske skulpturar som må fraktast på plass med lastebilar og gaffeltruckar.

Til denne utstillinga har han gått ned til det han kallar «sekkehjulstorleik».

Sekkehjul, desse smarte innretningane med to hjul som ein vippar under det ein skal flytte.

– Sekkehjul er heilt genialt. Då kan eg trille skulpturane på plass ganske enkelt, seier kunstnaren.

Han har laga ein serie med det han kallar «vinterblomar».

– Det er halvstore skulpturar som folk kan ha i hagane sine. Eg liker tanken på dei står der som fargeklattar også på vinteren.

Masse sjauing

Ikkje dermed sagt at Hjetland har lagt dei store formata bak seg. Han er nett ferdig med ei utsmykking på Raudfoss. Skulpturen er 6 meter høg og 3 meter i diameter.

– For å frakte den på høgkant måtte eg bygge eit eige stativ. Eg synest det er jækla kjekt med litt størrelse på ting, men det hender at eg skulle ønske eg hadde late vere. Det blir i overkant masse sjauing, men sjølvsagt, det er kjekt når skulpturen først er på plass.

Å køyre ein varebil full av «vinterblomar» til Svanøy er ein enkel dag på jobb. Nokre av skulpturane kan han til og med bere i armane.

Nokre få dagar til opning

Skulpturane skal plasserast både inne på galleriet og utanfor. Fridtjov Urdal har takka ja til å stå for den offisielle opninga søndag 25. juni.

Artikkeltags