Heider og ære for Evoy

Gunnar og Leif Stavøstrand på fylkestinget der fylkesordførar Jenny Følling delte den ut.

Gunnar og Leif Stavøstrand på fylkestinget der fylkesordførar Jenny Følling delte den ut. Foto:

Stavøstrand-karane i Svanøy-verksemda Evoy fekk blomar, prispengar og gode ord på fylkestinget i dag.

DEL

Evoy ved dagleg leiar Leif Arne Stavøstrand og senior Gunnar Stavøstrand fekk tildelt fylkeskommunen sin klima- og miljøpris i dag. Det blei vedtatt av fylkesutvalet 9.april, men prisen i form av diplom og ein sum på 50.000 kroner vert delt ut på fylkestinget 24. april.

– Det er ein milepæl å kunne dele ut den fyrste klima- og miljøprisen for Sogn og Fjordane. Det er veldig kjekt å kunne dele prisen ut til ein person som har tatt eit viktig personleg vegval, og satsar på fossilfrie løysingar. Det er dette det grøne skiftet treng, og det er ei spanande verksemd som fortener ros for jobben dei har gjort til no, og motivasjon til vegen vidare, sa fylkesordførar Jenny Følling.

Evoy AS er ei verksemd med hovudkontor i Florø, som utviklar verdsleiande heilelektrisk framdriftssystem til båtar i proff- og fritidssegmentet. Visjonen er å eliminere utslepp frå båt, ved å utvikle teknologi som kan byte ut fossil brensel med elektriske motorar.

Artikkeltags