- Mange smarte ungdommar

Klasse 9c på Flora ungdomsskule på besøk hos Sparebanken Vest for å få innføring i økonomi.

Klasse 9c på Flora ungdomsskule på besøk hos Sparebanken Vest for å få innføring i økonomi. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Det er imponerande kor mykje enkelte ungdommar har fått med seg av kunnskap om samfunnet.

DEL

Sparebanken Vest har nyleg hatt 9.klassingar frå Flora ungdomsskule inne til ein halv dags opplæring i økonomi.

Rente og rentefot

- Eg spurte dei om dei visste skilnaden på prosent og prosentpoeng. Ein gut retta opp handa og hadde kjennskap til det. Men han hadde lagt merke til at enkelte i media ikkje visste det, fordi orda blir ofte brukt om kvarandre, fortel banksjef Jan PetterThomsen i Spatebanken Vest i avd. Florø og Førde.

- Vi gir ungdommane praktisk opplæring og oppgåver i økonomi. Dei får lære kva eit lån eigentleg kostar og skilnad på til dømes annuitet og serielån, fortel han.

Sparebanken Vest har ein tydeleg strategi på å få best mogleg kontakt med dei unge.

- Vi ser på det som ein del av samfunnsoppdraget vårt. Desse ungdommane er dei som skal skape framtidas verdiar og vonleg kjem flest mogleg av dei tilbake til lokalsamfunnet for å jobbe her. For dei er dei digitale tenestene, som til dømes Vipps-  ein naturleg del av det å vere bankkunde.

Jan Petter Jagedal Thomsen.

Jan Petter Jagedal Thomsen. Foto:

Lektor2

Opplegget er del av prosjektet Lektor2, der skule og næringsliv gjennom tettare samarbeid søkjer å stimulere elevane til å lære seg realfag og styrke rekrutteringa til desse. Samstundes får lærarane meir kunnskap og kompetanse i samarbeid med næringslivet.

Heile 9.trinnet på Flora ungdomskule er med på opplegget.

- Eit veldig bra opplegg som vi har hatt kvart år. Først foredrag, så jobbe med oppgåver, der banken stiller sterkt med sine tilsette, understrekar lærar Anne Margeret Kalberg.

Flora ungdomsskule har også samarbeid med Steinvik fiskefarm ( 8 trinnet ), Polarny ( 10 trinnet ) og E - Trygg ( 9 trinnet ). Desse bedriftene tek imot alle elevane på trinnet, ca 150 elevar.

- Intensjonen med dette er at elevane skal komme ut i bedrifter og sjå at det dei lærer på skulen, er noko som dei faktisk får bruk for resten av livet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken