Dannar fylkesselskap innan sal av straum

Logoane for dei to kraftselskapa i fylket, SFE og Sunnfjord Energi.

Logoane for dei to kraftselskapa i fylket, SFE og Sunnfjord Energi. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SFE og Sunnfjord Energi dannar felles selskap som skal drive med sal av elektrisk kraft.

DEL

SFE og Sunnfjord EnergiKonkurransekraft og gunstige prisar er nøkkelord når Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi no går saman om selje straum til privat- og bedriftskundar. Dei viser i ei pressemelding til stadig tøffare konkurranse nasjonalt. 

– Med dette blir vi ein endå sterkare straumleverandør frå Sogn og Fjordane, med meir enn 30 000 kundar. Det gir oss moglegheita til å sikre kundane gunstige prisar og høvet til å handle lokalt, seier Fredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi i pressemeldinga.

Berre salselskap

Det er i denne omgang berre aktivitetane innan straumsal som er vedteke slått saman. Samanslåinga gjeld derfor ikkje nett- og produksjonsverksemdene som SFE og Sunnfjord Energi framleis drøftar seg i mellom.

– Vi starta opp samtalane om samanslåing av straumsalsaktivitetane både før og heilt uavhengig av dei utgreiingane som er i gang rundt dei andre verksemdene i SFE og Sunnfjord Energi, seier Behrens.

Det nye selskapet vil bestå av rundt 2/3 tidlegare SFE-kundar og 1/3 tidlegare kundar av Sunnfjord Energi. Dette reflekterer også eigarfordelinga i selskapet, som vil vere eigd 66% av SFE og 34% av Sunnfjord Energi. Selskapet vil ha tilsette både i Førde, Florø og på Sandane. Samanslåinga har verknad frå 1. januar 2018.

Skal vere konkurransedyktige

Konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, peikar på at ei av dei viktige årsakene til at selskapa no har funne saman, er å sikre at kundane framleis opplever dei som konkurransedyktige i ein tøffare marknad.

– Ingen straumselskap tener mykje per kunde. Vi er derfor heilt avhengige av å ha ein viss størrelse for å kunne gi kundane gunstige prisar og samstundes vere lønsame, seier han.

Ein tøffare konkurranse om kundane har mange fått erfare i form av offensive seljarar frå ei rekkje nasjonale straumleverandørar. Rauboti ønskjer konkurransen velkomen, så lenge ein informerer kundane rett.

– Konkurransen er bra for kundane, og det skjerpar oss som leverandør. Men det hender vi set ned foten når vi opplever leverandørar som trår over streken. Vi har opplevd aktørar som gir kundane eit feilaktig inntrykk av at dei samarbeider med oss, eller som gir ukorrekt informasjon om pris. Eg er oppteken av at vi skal kunne sjå folk i auga – også etter at dei er blitt kunde hos oss, seier Rauboti.

Artikkeltags