Tre Flora-bedrifter på Grüne Woche

Kokkegjengen på messa.

Kokkegjengen på messa. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Flora godt representerte på den store matmessa i Berlin.

DEL

Førre veke var tre bedrifter frå Flora-området representert på verdas største matmasse for å vise fram den fine regionen og Fjord Noreg.

Med seg hadde dei villsaupølse, røykalaks og matkompetanse.

Gigantmessa i Berlin varer i 10 dagar og deltakarane er delt i to puljer,  som er i Berlin fem dagar kvar.

To grupper

Anita Øygard og Lars Erik Reksten fra Reksta Villsau var i Berlin i første gruppe og hadde fine dagar der dei også serverte svanøylaks frå Gro Tveit Sveen,  som kom ned i andre pulje. Det gjorde også Kent Ole Strømøy frå Hjørnevikbua, som var ein del av kokkelaget i andre periode.

Til saman var det 20 bønder og småprodusentar frå dei fire vestlandsfylka.

Reksta Villsau

Anita og Lars Erik hadde ei flott oppleving, med jobbing på stand, litt sighseeing og mykje sosialt med dei andre deltakarane. 

– Det var så kjekt å treffe andre produsentar og få høyre om deira erfaringar og opplevingar som småskalaprodusent. Det var også flott å få nye serveringsforslag frå kokkane. Vi fekk mykje skryt for villsaupølsa vår, seier Anita, som ser det å bli plukka ut som deltakar på Fjord Noreg sin stand som ei ære og heider for godt arbeid med eit vellukka produkt.

Kjøkkensjef Kent Ole Strømsøy frå Hjørnevikbua var med til Berlin for fyrste gong.

– Dette har vore veldig gøy! På Grüne Woche er det enormt mykje folk innom kvar dag. Derfor må vi berre stå på og produsere god mat til alle dei som vil smake, seier han.

Grüne Woche

Internasjonale Grüne Woche 2018 (IGW) blir arrangert i Berlin mellom 19. – 28. januar. Dette er 83. gang messa blir arrangert. IGW er ei av verdas største messer for mat, gartneri og landbruk.

På nasjonale stand presenterer ein matkulturar frå kring 60 land. Totalt deltar over 1,600 utstillarar med over 100,000 produkt frå heile verda. Besøkstal er kring 450 000. .

I 2018 vil det frå Norge vere rundt 60 utstillarar frå tre regionar som representerer norsk matkultur og opplevingar; Fjord Norge, Trøndelag og Fjell Norge.   

Laks populært

Gro Tveit Sveen frå Svanøy Røykeri var med for tredje gong.

Laks var det mest popuære produktet på Grüne Woche og har blitt eit viktig og markant produkt på Fjord Norge-standen. Det gjekk tomt for laks før messa var avslutta.

– Det er gøy å sjå at tyskarane er så glade i norsk laks og aure, seier Sveen, medan kniven skjer tynne, fine stykke.

– Det er ei ære å bli tatt ut til å vere med på Grüne Worhe for tredje gang. Det har vore kjekt å treffe andre kollegaer og lokalmatprodusentar. Dei lagar produkt med identitet. Eg likar å jobbe med lokale råvarer og bruka dei på nye måtar. Vi har så mykje bra mat, og det er viktig å vise den fram også i utlandet,  seier ho,  og legg til at fleire gode samarbeid er blitt oppretta på grunn av deltakinga på Grüne Woche.

Deltakarar

Møre og Romsdal:

Kami Skotholmen, Brubekken Gardsmeieri, Drågen Smokehouse, Romsdalsgårdene, Smia Mett og Go

Sogn og Fjordane:

Hjørnevikbua restaurant, Reksta Villsau, Marås Hjort,  Opplev Undredal, Svanøy Røykeri,

Hordaland:

Utne Hotel, Alde Sider, Tekslo Seafood, Myrdal Gard, Voss Gardsslakteri,  

Rogaland:   

Lothes Mat og Vinhus, Energihotellet, Nyyyt AS, Fjordfegarden, Grønvik Gard,

Artikkeltags