Hovudutval for næring og kultur hos fylket oversåg Visit Fjordkysten og gav alle midlane til Sogn og Nordfjord.

LES OGSÅ:

Det synest ikkje Wenny Hansen i Visit Fjordkysten var greitt. Det gjorde heller ikkje fylkespolitikarane frå området. Både Bjørn Hollevik (H), Stein Malkenes (MDG) Frank Willy Djuvik (FrP) engasjerte seg i saka og i fylkestinget kom fram til eit nytt punkt i vedtaket.

Det kom etter framlegg frå framlegg frå AP, SP, Høgre, FrP og MDG:

Nytt punkt i budsjettvedtaket:

Det vert løyvd kr 100.000 til Visit Fjordkysten og kr 100.000 til Sunnfjord Næringsutvikling i 2017. Visit Fjordkysten og Sunnfjord Næringsutvikling skal framleis ta del i tilskot til destinasjonsselskapa i 2018, og fordelingsnøkkelen skal baserast på gjennomsnitt av gjestedøgn dei siste tre år, i tråd med gjeldande vedtak. Løyvinga i 2017 vert finansiert ved bruk av bufferfond.

Wenny Irene Hansen er takksam for at det løner seg å gje beskjed om skeivfordeling av midlar.

– Veldig bra jobba av politikarane, som med dette fekk rette opp litt av skeivfordelinga. Grunnlaget for å berekne desse løyvingane er gjestedøgn registrerte hos Statistisk sentralbyrå. Det er ikkje noko krav til bedriftene om å registrere gjestedøgna sine, og sidan vi har veldig mange små reiselivsbedrifter som ikkje sender inn tala, så blir det ei skeivfordeling. Det er nok svarte tal i alle regionar, men dei er ekstra store i vårt område sidan vi har så mange små verksemder. Det er ikkje registrert gjestedøgn i Solund til dømes, men vi veit at dei finst, forklarer ho.