Flora fekk berre smular av krisepakken

Floraordførar Ola Teigen er tydeleg på at ein krisepakke på 4 millionar kroner er å rekne som ingenting.

Floraordførar Ola Teigen er tydeleg på at ein krisepakke på 4 millionar kroner er å rekne som ingenting. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: – Fire millionar til asfalt er ingenting, seier Ola Teigen om krisepakken som skulle redde Sør- og Vestlandet.

DEL

I juni 2014 kosta eit fat olje 115 dollar. Eit halvt år seinare hadde prisen stupt til 50 dollar. Der har han blitt liggande. På litt over to år forsvann over 40.000 arbeidsplassar.

Kartlegging av krisepakken

Fem milliardar skulle hjelpe ein landsdel i krise etter oljenedturen.

Saman med 13 andre aviser har Firda deltatt i Klassekampen si kartlegging av kva pengane er brukte til. På krisepakke.no kan du finne artiklar frå heile Sør- og Vestlandet.

For å redde den kriseråka kysten løyvde regjeringa i fjor 5 milliardar i ein tiltakspakke til Sør- og Vestlandet. Saman med 13 andre aviser har Firda deltatt i Klassekampen si kartlegging av kva pengane er brukte til. På krisepakke.no kan du finne artiklar frå heile Sør- og Vestlandet.

– Kunne sikra minst 80 nye arbeidsplassar 

Bruken fordeler seg slik:

  Milliardar Kommentar
Heile krisepakken 5 Meint for Sør- og Vestlandet
Til 64 råka kommunar 0,4 Har hovudsakleg gått til kommunalt vedlikehald
Til Sør- og Vestlandet 1,92 Mykje har hamna utanfor kommunane som var kriseråka, eller til leverandørar utanfor kommunane. Mykje har også gått til bedrifter frå andre landsdelar
Vart til «vanlege pengar» 1,38 Gjekk inn i felles pottar til vanleg drift over heile landet
Til andre landsdelar 1,14  
Ikkje fordelt/ikkje mogleg å spore 0,15  

Lite til Sogn og Fjordane

Av dei 400 millionane som gjekk til kriseråka kommunar, fekk fem kommunar i Sogn og Fjordane 8,5 millionar til saman. Kriteriet var høg arbeidsløyse.

Flora fekk 4.045.000 kroner. Selje fekk 1.702.000, Bremanger 1.160.000, Vågsøy 1.158.000 og Hyllestad 501.000 kroner. Pengane er stort sett brukte til vedlikehald av kommunale bygg, asfaltering, opprydding og liknande. Det er i tråd med føringane som følgde pengane.

Av dei 4,6 milliardane som departementa fordelte, hamna 50 millionar i Flora. Westcon Yards fekk to oppdrag. Det eine var arbeid på forskingsfartøyet G.O. Sars for Nærings- og fiskeridepartementet. Det andre var oppgradering av KV Svalbard for Forsvarsdepartementet.

To forskingsfartøy har også vore rusta opp og bygd om ved Båtbygg AS i Måløy. Summen er 83 millionar kroner, på oppdrag for Nærings- og fiskeridepartementet.

Utanfor dei kriseråka kommunane har noko vedlikehaldsarbeid hamna hos Brødrene Aa i Gloppen. Helse Førde har også fått nokre millionar til diverse tiltak.

Framleis krise

Floraordførar Ola Teigen er tydeleg på at ein krisepakke på 4 millionar kroner er å rekne som ingenting.

Floraordførar Ola Teigen er tydeleg på at ein krisepakke på 4 millionar kroner er å rekne som ingenting. Foto:

– Fire millionar til asfalt er ingenting, seier Ola Teigen (Ap), ordførar i Flora.

Han meiner midlane i krisepakken er lite treffsikre. Dei midlane som er fordelte til kommunane, må brukast på vedlikehald, noko som gir arbeid til bygg- og anleggsbransjen.

– Situasjonen er alvorleg 

– Det er aktiviteten i Nordsjøen som er råka. Pengane burde gå inn i lokale næringsselskap som jobbar for ny aktivitet. Det er betydeleg meir målretta enn å skifte vindauge, seier Teigen.

Oppdraga til Westcon er Teigen sjølvsagt nøgd med, men han meiner det er for småpengar å rekne når ein ser på kva som vart løyvd.

– Arbeidsløysa er halvert sidan krisepakken kom. Har han hjelpt?

– Nei. Det har nok delvis med sesongvariasjonar å gjere. Fiskeri har stor aktivitet på hausten og permitteringar på våren. No går vi og ventar på å sjå resultatet av at Pelagia er vedtatt lagt ned. Der forsvinn 60-65 arbeidsplassar. Nedtrapping av politidistriktet og skatteetaten skjer også i 2017, og det er varsla oppseiingar på oljebasen, seier Teigen.

Artikkeltags