Sjokkarta auke i eigedomsskatten

Gustav Johan Nydal, KrF.

Gustav Johan Nydal, KrF. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Eigedomsskatten min har auka med 62,95 prosent med Ap i ordførarstolen.

DEL

KrF-politikar Gustav Johan Nydal fekk bakoversveis av den nye berekninga av eigedomsskatt på gardsbruket han eig i Brandsøya.

- Eg kjenner andre som seier at dei har fått ein auke på 80 prosent. Eg krev no informasjon om kva som ligg til grunn for denne store auken. Det er ikkje det som vart forespegla då saka var oppe i bystyret, understrekar han.

KrF-politikaren stemde i mot forslaget i bystyret. Uansett meiner han at fleirtalsforslaget ikkje skulle slå ut med så stor auke i eigedomsskatten som det no ser ut til å bli.

Flora bystyre vedtok omtaksering av alle eigedomar i 2016 som grunnlag for eigedomsskatt i 2017. I desse dagar blir det sendt ut informasjon om kva den nye eigedomskatten blir. Siste allmenne taksering var i 2006, opplyser Flora kommune.

Rådmannen viser til at verdiane på dei fleste eigedomane har endra seg mykje og at storleiken på verdiendringa varierer frå eigedom til eigedom. Hovudføremålet med taksten er å fange opp verdiendringane og få ei meir rettferdig fordelinga av eigedomsskatten.

Ei takstnemnd har hatt synfaring på eigedommane, der det er teke omsyn til byggeår og standard på skatteobjektet. .

Ny takst og resultatet av takseringa vert lagt ut til offentleg ettersyn vinteren 2017.

Faktura for eigedomsskatt for 1. termin vil komme som tillegg på fakturaen for 2. termin i april med forfall 15. mai 2017.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags