Mann blødde kraftig frå hovudet etter slåstkamp

DEL

(Firda) Ein mann blei natt til laurdag frakta til legevakt etter at han var innblanda i ein slåstkamp i Strandgata i Florø.

Hendinga skjedde like før klokka 03.00.

– Det var ein politipatrulje som kom over to menn i 40- åra som slåst. Den eine blødde kraftig frå eit kutt i hovudet og måtte til legevakta for sjekk, seier operasjonsleiar i Vest politidisttrikt, Morten Rebnord til Firda.

Mannen i 40- åra måtte sy nokre sting og fekk deretter gå heim. Den andre fekk helsesjekk på staden og politiet tok imot forklaring frå han.

–Begge to er meld til politiet, seier Rebnord.

Årsaka til slåstkampen er ukjent.

Artikkeltags