I drift 2,5 månad sidan 2014

PELAGIA FLORØ: Fabrikken ligg stort sett ubrukt i Gunhildvågen . Pelagia ønskjer å nytte seg av forkjøpsrett for å eige anlegget sjølv.

PELAGIA FLORØ: Fabrikken ligg stort sett ubrukt i Gunhildvågen . Pelagia ønskjer å nytte seg av forkjøpsrett for å eige anlegget sjølv.

Artikkelen er over 4 år gammel

Men no lovar Pelagia-leiinga at fabrikken skal få Nordsjø-sild i slutten av mai.

DEL

Sjef for Pelagia Region Vest, Magnus Strand, stadfestar overfor Firdaposten at anlegget skal startast opp att i slutten av mai i år i samband med fisket av Nordsjøsild.

- Eg er i Tyskland no og førebur distribusjonen av Nordsjøsild ut i marknaden. Florø har vore eit viktig anlegg for Nordsjøsilda både i Global Fish og Norway Pelagic-perioden. Vi gler oss til å kunne setje i gang igjen i Florø no. Denne tvisten om eigarskap av sjølve anlegget er ein prosess som må gå medan vi som er operasjonelle tek oss av det daglege, seier han.

Nyleg kom det fram at Pelagia og Teigenes-reiarlaget kan ende opp i rettssak fordi Pelagia meiner å ha forkjøpsrett til fabrikkanlegget dei leiger i Florø. Leigeavtalen går fram til 2022.

Leiinga i Pelagia seier at dei ikkje vil satse vidare på eit anlegg dei ikkje eig sjølv. Det skaper usikkerheit utover at anlegget ikkje har blitt prioritert med råstoff i Pelagia-systemet. I år har det ikkje vore ein fisk innom anlegget så langt. Men det har vore gjort tekniske oppgraderingar i anlegget.

Personalansvarleg Roy Berg ved Pelagia Florø ser fram til å kunne ringe og få folk i jobb:

- Vi er priviligerte med å ha ein stabil og lojal arbeidsgjeng her trass i dei lange permitteringsperiodane, understrekar han.

Artikkeltags